Din fantastiske 2-åring
- vil gjere seg meir og meir forstått via språket.
- trenger å oppleve at de meistrar ting sjølv. Barnet har stor glede av å klare meir alene.
- blir meir opptatt av leik og andre barn. Får venner.
- viser stadig meir eigenvilje.
- vil fortsett trenge mye nærheit, omsorg og merksemd av deg.
- vil kunne ta enkle val f.eks. ost eller leverpostei på brødskiva, men kan ikkje bestemme at det skal gå utan sko midtvinters, leggetider o.l.
- vil ha mykje humor og fantasi.
kilde: Bufdir.no
Innhald i 2-års konsultasjonen med Helsesjukepleiar
- Høgde og vekt
- Språkkartlegging
- Gjennom leik forsøker vi, saman med føresette, å kartlegge barnets språkutvikling. Det er store individuelle forskjellar på språket ved denne alderen, og barna er i en alder der språket ofte utviklast frå dag til dag. Nokon barn ønsker heller ikkje å preike så mye på helsestasjonen, mens de preikar mye heime eller i barnehagen. Dette er helt normalt.
- Samtale rundt aktuelle tema. Dette kan eksempelvis være sjølvstende og meistring, kosthald, søvnvaner, tannhelse, førebygging av vald og overgrep, grensar for egen kropp
- Legeundersøking. Under legeundersøkinga gjer legen en generell helseundersøking. Dette gjer ikkje vondt, og vi prøver å gjere undersøkinga så ufarleg og leikbetont som mogleg
Din fantastiske 4-åring
- har etter kvart blitt en sjølvstendig person og meistrar mange oppgåver.
- treng framleis mykje omsorg og har nokon gonger behov for å vere liten.
- er ofte nysgjerrige på alt som er nytt.
- vil ha kunnskap og informasjon, de spør ofte: «kvifor det?».
- kan vere vare for forandring, og trenger forberedelse.
- liker tydelege og klare grenser som blir sagt på en roleg og konsekvent måte.
- lærer positiv åtferd ved å få støtte og ros, og ved å etterlikne andre sin tilsvarande åtferd.
Innholdet i 4-årskonsultasjon med Helsesjukepleiar
- Høgde og vekt
- Synsundersøking. Under synsundersøkinga vil barnet få på seg lapp eller briller da vi testar eit auge av gangen. Tenk over om det har vært nokon teikn på nedsett syn.
- Høyrselundersøking. Ved høyrselundersøkinga høyrer barnet lyder gjennom hovudtelefonar. Dette er ikkje vondt og gjennomførast basert på leik.
- Språk. 4-åringen kan ofte mange ord og har god språkforståing. Nokon barn seier foreløpig ikkje R og/eller bytter for eksempel K med T. Språk er modning og barna utviklar seg forskjellig.
- Under konsultasjonen bruker vi en observasjonsmetode for å få et heilskapleg bilde av barnets språkutvikling.
- Samtale rundt aktuelle tema. Motorikk og koordinasjon via lek, aktivitetsnivå, sjølvstende og meistring, kosthald, søvnvaner, tannhelse og vald, overgrep og grenser for egen kropp.
Kva tid blir barnet ditt innkalla?
- Nyfødt: Heimebesøk av helsesjukepleiar.
- 2-4 veker: Samtale med helsesjukepleiar. Viser film
- 6-8 veker: Samtale med helsesjukepleiar og legeundersøking. Vaksinasjon.
- 3mnd: Samtale og undersøking ved helsesjukepleiar. Vaksinasjon.
- 4mnd: Samtale med helsesjukepleiar. Viser film
- 5mnd: Samtale og undersøking ved helsesjukepleiar. Vaksinasjon.
- 6mnd: Samtale med helsesjukepleiar og legeundersøking.
- 8mnd: Samtale med helsesjukepleiar. Viser film
- 10mnd: Samtale og undersøking ved helsesjukepleiar.
- 12mnd: Samtale med helsesjukepleiar og legeundersøking. Vaksinasjon.
- 15mnd: Samtale og undersøking ved helsesjukepleiar. Vaksinasjon.
- 17-18mnd: Samtale med helsesjukepleiar.
- 2år: Samtale med helsesjukepleiar og legeundersøking.
- 4år: Samtale og undersøking ved helsesjukepleiar.
Det er berre å ta kontakt utanom dei faste helsestasjonsprogrammet.
På helsestasjonen legg vi vekt på:
- å ha fagleg kvalitet på tenestene
- å møte brukarane våre venleg, høfleg og med respekt
- å vise brukarane til rette instans dersom vi ikkje kan hjelpe
- å yte tenesta ut frå foresatte sine behov
Kva helsestasjonen ønskjer av deg som brukar:
- at du gir oss dei opplysningane vi treng for å hjelpe deg
- at du gir helsestasjonen beskjed dersom det er endringar i din situasjon som får innverknad på tenesta du mottek
- at du møter presis til avtalt tid, og gir beskjed dersom du er forhindra i å møte
- tida er dykkar - bruk den som du vil!
Nyttige lenker 0 - 2 år
Amming
Språk og utvikling
Trygge råd til foreldre med baby|Bufdir
10 smarte tips til alle småbarnsforeldre
Motorisk utvikling 0 - 15 månader (film)
Motorisk utvikling grupper på helsestasjonen (film)
Søvn
Mat:
Miljøet til barn og sikkerheit
Sikkerheit for nyfødt og spedbarn (0 - 1 år)
Sikkerheit for småbarn (1 - 6 år)
Hjarte- og lungeredning på spedbarn 0 - 1 år (film)
Alkohol framføre barna? Dette bør du tenke på
Etter fødsel (for mor)
Sex og prevensjon etter fødsel
Andre nyttige lenker
Utfyllande informasjon om barnevaksinasjonsprogrammet
Når barnet ditt har feber (fhi.no)
Alternativ til mageleie (film)
Kontaktinformasjon
Leiande helsesjukepleiar Ingrid Engesland
T: 476 23 122
E: ingreid.engesland@bygland.kommune.no
Tilgjengeleg måndag - fredag. Ta kontakt for avtale utanom helsestasjonsprogrammet
Helsestasjonslege: Anette Skarshaug Skeie, måndagar i partallsveker