Helsestasjonen skal bidra til sjukdomsforebygging og auke fysisk og psykisk trivsel hos barn og unge, gravide kvinner og småbarnsfamiliar i tråd med kommunehelsetenestelova og forskrifter for helsestasjonstenester.

Jordmortenesta

Jordmor Ellen Cecilie Møllen er å treffe på mobil 902 58 724 for avtale. Ho har kontordag på Bygland helsestasjon på onsdagar, eventuelt etter avtale.
Jordmortenesta er eit interkommunalt samarbeid med Evje og Hornnes kommune.

Helsestasjonen følgjer i utgangspunktet følgjande rutinar:

  • Heimebesøk av helsesjukepleiar når de kjem heim frå sjukehuset
  • 6 veker: Kontakt med helsesjukepleiar og lege
  • 3 mnd: Kontakt med helsesjukepleiar + vaksine
  • 5 mnd: Kontakt med helsesjukepleiar + vaksine
  • 6 mnd: Kontakt med helsesjukepleiar og lege
  • 9 mn:d Kontakt med helsesjukepleiar
  • 12 mnd: Kontakt med helsesjukepleiar/lege + vaksine
  • 15 mnd: Kontakt medhelsesjukepleiar + MMR vaksine
  • 2 år: Kontakt med helsesjukepleiar + lege
  • 4 år: Kontakt med helsesjukepleiar
  • Ekstra kontakt for å vege barnet/anna på forespørsel

Helsesjukepleiar arrangerer temamøte og gruppekonsultasjonar når der er høve og etterspurnad.

På helsestasjonen legg vi vekt på:

  • å ha fagleg kvalitet på tenestene
  • å møte brukarane våre venleg, høfleg og med respekt
  • å vise brukarane til rette instans dersom vi ikkje kan hjelpe
  • å yte tenesta ut frå foresattes behov

Kva helsestasjonen ønskjer av deg som brukar:

  • at du gir oss dei opplysningane vi treng for å hjelpe deg
  • at du gir helsestasjonen beskjed dersom det er endringar i din situasjon som får innverknad på tenesta du mottek
  • at du møter presis til avtalt tid, og gir beskjed dersom du er forhindra i å møte
  • tida er dykkar - bruk den som du vil!