Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
4. februar:

Klarer vi å få kontakt med deg?

Når vi etterkvart skal sende SMS eller ringe til deg som står for tur til vaksinering, eller om vi t... Les meir

Frisør-, hudpleie-, tatoverings- og hòltakingsverksemd - godkjenning/melding

Generelt om tjenesten

Tenesteomtale

Ønskjer du å starte eller å overta ein frisørsalong, hud- og fotpleiesalong, tatoverings- og hòltakingsverksemd e.l., må du anten få godkjenning av kommunen eller sende ei melding til kommunen. Lokale i tatoverings- og hòltakingsverksemder skal godkjennast. Frisør- og hudpleieverksemder må oppfylle dei same hygienekrava, men treng inga godkjenning, berre melding.

Det blir stilt krav om at dei hygieniske forholda er tilfredsstillande og at verksemda førebyggjer overføring av smittsomme sjukdommar. Verksemda må godkjennast av / meldast til kommunen ved oppstart, ved utviding eller ved vesentlege endringar.

Det er eigne krav til solarium, sjå forskrifta om strålevern.

Ansvarlege for dagleg drift og tilsette med kundekontakt ved solarium må frå 1. januar 2016 ha bestått ei kunnskapsprøve.

Målgruppe

Personar som ønskjer å starte, overta eller flytte

  • frisørsalong
  • hud- og fotpleiesalong 
  • solstudio
  • tatoverings- og hòltakingsverksemd

Kriterium/vilkår

Det blir stilt krav til

  • lokala
  • rutinar for internkontroll
  • rutinar for å unngå smitteoverføring

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

aaa
Skjema

Rettleiing - korleis få utført


Søknaden sendes til

Bygland kommune
4745 Bygland

Saksbehandling

Saksbehandling

Kommunen vil vurdere om det er behov for synfaring eller gransking av verksemda og kan påleggje at forhold blir retta eller at verksemda blir stansa. Tvangsmulkt kan ileggjast i samsvar med lov om folkehelsearbeid § 15. Dersom vilkåra ikkje blir overhaldne, kan godkjenninga trekkjast attende.

Kommunen fører tilsyn med at verksemda har forsvarleg smittevern og kan påleggje at verksemda gjer endringar for å betre smittevernet.

Saksbehandlingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Andre opplysningar
Oppdatert:
2020-01-20 13:34
Gyldig til
2020-11-30