Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
error_outline30. mars kl. 10:04

Informasjon etter møte i kriseleiinga 30.03.20

Kriseleiinga har jamlege møte. Nedanfor finn du punkt etter møtet den 30.03.20

Les meir clear
error_outline26. mars kl. 10:23

Vakttelefon for barn og unge

Kommunen har ein vakttelefon som er open måndag til torsdag kl. 18:00 - 20:00 for barn og unge som er bekymra og som treng å prate med nokon

Les meir clear
error_outline17. mars kl. 16:02

Koronatelefon

Bygland kommune samarbeider med Evje og Hornnes kommune om "Koronatelefon" Telefonen er bemanna av helsesjukepleiarar, og her kan du som innbyggjar kome med helserelaterte spørsmål i forhold til korona

Les meir clear

Familievernkontor

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Familievernkontoret gjev deg eller dykk tilbod om behandling og rådgjeving når det er vanskar eller kriser i familien. Du kan ta direkte kontakt med eit familievernkontor, og alle dei tilsette har teieplikt. Samtaleterapi for par og familiar er det vanlegaste tilbodet. Familievernkontoret tilbyr òg kurs og gruppeopplegg om aktuelle familie- og samlivstema. Familievernkontoret utfører obligatorisk mekling 

    • ved samlivsbrot for ektepar eller sambuarar med barn under 16 år
    • når foreldre som ikkje bur saman, ønskjer rettssak om foreldreansvar, bustaden til barnet/borna eller samvær

    Det er familievernkontor i alle fylka. Dei er anten statlege eller kyrkjelege, men det same lovverket gjeld for alle, og det er Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet som godkjenner dei.

    Pris for tenesta

    Tilbodet er gratis.

    Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

    Bygland kommune har ikkje eige familievernkontor, men du kan finn det næraste familievernkontoret i Aust-Agder ved å trykke på lenka nedanfor.

    Finn næraste familievernkontor

    Samarbeidspartnarar

    Familievernkontoret samarbeider med helsestasjonane i sitt distrikt, særleg om fødselsførebuande kurs og kurset for nybakte foreldre, "Godt samliv". Der det er aktuelt og når familien sjølv gjev samtykke til det, samarbeider familievernkontoret med det kommunale barnevernet for å finne gode tiltak for heile familien. Familievernkontoret samarbeider òg med skolar, sosialkontor, frivillige organisasjonar, kyrkjelydar og liknande.

    aaa
  • Lover og forskrifter

    Sjå spesielt barnelova § 51 Kven skal møte til mekling og ekteskapslova § 26 Mekling mv. 

    Lover

    Barnelova
    Ekteskapsloven
    Familievernkontorloven

    ___
  • Skjema
  • Saksbehandling
  • Kontaktinformasjon

    Kontaktavdeling

    Avdeling:Helse
    Telefon:37 93 47 00 / 94 52 16 62
    Postadresse:Sentrum 18 4745 BYGLAND
    Besøksadresse:Kommunehuset 4745 BYGLAND
  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2020-01-20 13:57
    Gyldig til
    2020-11-30