Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
4. februar:

Klarer vi å få kontakt med deg?

Når vi etterkvart skal sende SMS eller ringe til deg som står for tur til vaksinering, eller om vi t... Les meir

eDialog - sikker innlevering av dokument til Bygland kommune

Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Mange sender dokument til kommunen via epost. Epost kan vere ein usikker kanal, og kan i verste fall bli stoppa i spamfilter. Ved å bruke tenesta eDialog, opnar Bygland kommune for at du kan sende inn dokument via ein sikker kanal. Me voner at både privatpersonar og verksemder nytter høvet til å sende dokument trygt inn til oss!

Her finn du eDialog for Bygland kommune

NB: For å bruke denne tenesta, må du autentisere deg ved hjelp av ID-porten.

Slik fyller du ut skjemaet

Du kan framleis bruke epost for enkle spørsmål som ikkje skal journalførast i kommunen sitt sak/arkivsystem. Epost-adressa til Bygland er: post@bygland.kommune.no

Forsendelse av dokument som ikkje er offentlege: Tenesta er godt egna til å sende inn dokument som ikkje er offentlege til Bygland kommune. Kanalen er kryptert og avsendar autentisert. Filene kjem rett inn i kommunen sitt sak-/arkivsystem der dei blir fordelt til sakshandsamar.

Vi gjer merksam på at det førebels kun er mogleg å sende dokument i pdf-format.

Slik kan du lage eit dokument til filformat pdf:
Om du skriv eit brev i Word, kan du velge  "Lagre som" og deretter velge filformat pdf.
Det er og mogleg å hente gratis skanne-app anten i App Store eller Google Play. Då kan du scanne dokumentet, lagre det og sende det via e-dialog.

  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Lenker
Sist oppdatert 25. februar 2020