Priser og gebyrer 2020

Priser og gebyrer for Bygland kommune 2020.

Helse og omsorg

Betalingssatsane er regulert i tråd med FOR 2011-12-16-1349 «Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester». Dersom husstandens samla skattbare nettoinntekt før særfrådrag er under 2G, gir Helse- og omsorgsdepartementet ut rundskriv om fribeløp og eigenandeler kvart år som avgrensar kommunen sin moglegheit til å auke eigenandelane. Beløpet for 2G vil bli korrigert for endringar i eigenandelane etter rundskrivet frå departementet som blir kunngjort i desember 2019.

Eigenbetaling pleie- og omsorgstenester

Betalingssatsane er regulert i tråd med FOR 2011-12-16-1349 «Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester». Dersom husstandens samla skattbare nettoinntekt før særfrådrag er under 2G, gir Helse- og omsorgsdepartementet ut rundskriv om fribeløp og eigenandeler kvart år som avgrensar kommunen sin moglegheit til å auke eigenandelane. Beløpet for 2G vil bli korrigert for endringar i eigenandelane etter rundskrivet frå departementet som blir kunngjort i desember 2019.

Eigenbetaling pleie- og omsorgstenester 2019 2020 Kommentar
Heimesjukepleie 2019 2020  
Det er ingen betaling for tenesta heimesjukepleie - -  
Praktisk bistand og opplæring ("Heimehjelp") 2019 2020  
Husstandsinntekt: mindre enn 2G 210 210 Pr. mnd
Husstandsinntekt: 2 - 4G 89 92 Pr. time
Husstandsinntekt 4 - 5G 114 118 Pr. time
Husstandsinntekt: 5G-> 152 157 Pr. time

Merknad:

  • «Utgiftstak» pr mnd jf § 10 i «Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester».
  • Kommunen kan sjølv fastsette regler for betaling av vederlag og betalingssatsar for tenestane.
  • Vederlaget må ikkje overstige kommunens eigne utgifter jf sjølvkost-prinsippet.

Satsane for inntil 2G er gitt av føresegna, de andre satsane er justert med kommunal deflator.

Langtidsopphald i sjukeheim 2019 2020  
Langtidsopphald i sjukeheim - - Sjå merknad uinder
Kurdøgnpris 2767 2853 Avgrensa oppad til maksimalt kr. 30 000 pr. månad

Merknad:

  • Det blir betalt vederlag for langtidsopphald på grunnlag av bebuar si inntekt, jf. «Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester» og jf. «Helse- og omsorgstjenesteloven § 11-2».
  • Som hovudregel skal ikkje betaling overstige det som det kostar å drive ein institusjonsplass, dvs. kurdøgnpris. Dersom bebuar si inntekt førar til at eigenbetalinga blir høgare enn kurdøgnprisen, så er kurdøgnprisen det maksimale vedkomande skal betale. Kurdøgnprisen blir utrekna på følgjande måte: Netto driftsutgifter for institusjon (bebuarane sine vederlagsbetalingar, samt kapitalutgifter- og renter blir heldt utanfor) delt på totalt antal institusjonsdøgn for institusjonen.
Korttidsopphald og avlasting 2019 2020  
Korttidsplass-døgn 165 170
Korttidsplass -dag-/nattopphald 85 90
Avlastingsopphald Gratis  

Merknad:

  • Eigenbetaling jf «Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgs-tenester» § 4 og jf «Helse- og omsorgs-tenesteloven» § 11-2. Etter 60 døgn pr kalenderår, er betalinga som for langtidsopphald.
  • Korttidsopphald som primært ytast for å avlaste pårørande i omsorgsoppgåvene er gratis. Jf «Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester» § 1 og jf «Helse- og omsorgstjenesteloven» § 11-2
Andre omsorgtenester: (ikkje lovpålagde tenester) 2019 2020  
Matombringing (middag) 79 85 Pr. gong

Velferdsteknologi:

  • Tryggleiksalarm
  • Tilleggssensorar

 

1250
115

 

1290
120

 

Pr. år
Ekstra sensorar i tillegg til tryggleiksalarm

Mat og servering på Byglandsheimen for bebuarar i omsorgs-/aldersbustader og tilsette: 2019 2020  
Frukost/kveldsmat 43 45  
Lunsj *** 50 Nytt måltid i 2019
Middag m/dessert el. suppe 79 82  
Middag u/dessert el.suppe 64 66  
Graut, kompe o.l. 36 37  
Mat og servering isbm med seniorsenter 2019 2020 Sjølvkostprinsippet er lagt til grunn ved utrekning av prisar
Middag m/dessert, kaffi, kaka og frukt 115 120  
Enkel middag 80 83  
Kake og kaffi 40 40  
Kaffi 20 20 Påfyll er gratis
Mat og servering for besøkjande: 2019 2020 Sjølvkostprinsippet er lagt til grunn ved utrekning av prisar
Frukos/kveldsmat 48 50  
Lunsj *** 65 Nytt måltid 2019
Middag m/dessert el suppe 95 100  
Graut, kompe o.l. 55 60  
Heilpensjon, alle måltid 477 225 Pga. ekstra måltid innført 2019
Omsorgstenester for asylsøkjarar i statleg mottak 2019 2020  
Dette blir regulert i eigen avtale mellom UDI og Bygland kommune - - Jf. forskrift om rett til helse- og omsorgstenester til personar utan fast opphald i riket §6, tredje ledd

 

Omsorgsbustader

Gjeldande
utleigetakst pr
01.04.18

Gjeldande
tleigetakst pr
01.04.19
Gjeldande
utleigetakst pr
01.04.20
Merknad
Bufellesskap på Byglandsheimen 5391 5552 5652 PLO budsjett
Byglandsheimen 005 B 7405 7625 7625 PLO budsjett
Byglandsheimen 047 C 5873 6049

6158 (1)
6348 (2)

PLO budsjett

Byglandsheimen 052 C 6055 6236 6348 PLO budsjett
Byglandheimen 063 D 5873 6049

6158 (1)
7625 (2)

PLO budsjett
Byglandsheimen 082 E 6055 6236 6348 PLO budsjett
Byglandsheimen 083 E 6055 6236 6348 PLO budsjett
Byglandsheimen 084 E 6055 6236 6348 PLO budsjett
Byglandsheimen 085 E 6055 6236 6348 PLO budsjett
Jernbanegata, Birkelandsgate
(gamle bustadar)

5428 (1)
5779 (2)
 
5590 (1)
5952 (2)
5690 (1)
6059 (2)
PLO budsjett
Birkelandsgate
(nye bustadar)
6304 (2) 6493 (2) 6610 PLO budsjett
  • Husleigeinntekter frå omsorgsbustadar blir ført inn i pleie og omsorg sin rekneskap
  • Husleiga på inngåtte husleigeavtalar blir auka i samsvar med husleigelova §4-2 (tilsvarar auke i konsumprisindeksen siste år).
  • Merknadar til omsorgsbustadar i Birkelandsgate og Jernbanegata på Byglandsfjord:
    • (1) Husleigetaksten gjeld for leigetakarar som budde i leilegheita før oppdatert leigefastsetting
    • (2) Husleigetakst for nye bebuarar

 

Eigenbetaling helsetenester

Eigenbetaling helsetenester 2019 2020 Kommentar
Legekontor - - «Forskrift om egenandel for kommunale
helse- og omsorgstjenester» §§ 11, 12.
Honorarsatsar etter dei til ein kvar tid
gjeldande avtale mellom staten og Den
norske legeforening og folketrygda sin
refusjonssats
Fysioterapi - -
Helsesysterteneste Gratis Gratis  
Jordmortenesta Gratis Gratis  
Psykisk helse og rus Gratis Gratis  

 

Tenesteyting Plan og utvikling

Gebyr etter Plan og bygningsloven

1. Alminnelege føresegn
Gebyret er heimla i Plan- og bygningsloven §33-1
1.1 Gebyrkrav vert sendt til tiltakshavar eller rekvirent der ikkje anna er avtalt
1.2 Sakshandsamingsgebyr skal betalast sjølv om søknaden vert avslegen
1.3 Det vert ikkje gjeve mellombels bruksløyve eller ferdigattest på søknadspliktige tiltak før sakshandsamingsgebyr er betalt
1.4 Kommunen kan i visse høve krevje at sakshandsamingsgebyret skal vere betalt før søknad vert handsama
1.5 Det skal ikkje betalast gebyr for handsaming av klagesaker
1.6 Dersom eit gebyr er openbart urimelig kan kommunedirektøren eller den som har fått fullmakt fastsetje eit høveleg gebyr
1.7 Klage på fastsetting av gebyr medfører ikkje lengre betalingsfrist
1.8 Evt. klage på gebyr må sendast skrifteleg til Bygland kommune der det vert handsama i plan-, miljø- og ressursutvalet. Fylkesmannen er endeleg klageinstans
1.9 Ved handsaming av nytt løyve der tidlegare løyve har gått ut må det betalast fullt gebyr
1.10 Gebyr bereknast ut frå regulativet som gjeld den datoen kommunen har motteke ein komplett søknad
1.11 Ved komplett søknad der det ikkje er behov for å innhente tilleggsopplysningar vert sakshandsamingsgebyret redusert med 20%

Auken i gebyrsatsane frå 2019 - 2020 vert sett til 3,1% (deflator)

2. Dispensasjonsgebyr jf. Plan- og bygningsloven kap. 19
2.1 Søknad om dispensasjon -
politisk handsaming
5771
2.2 Søknad om dispensasjon -
administrativ handsaming
2883

 

3 Tiltak som krev søknad jr. Plan- og bygningsloven kap 20 
(gebyr for evnt. dispensasjonsvedtak og godkjenning av lokal ansvarsrett kjem i tillegg)
3.1   Tiltak som kan forestås av tiltakshavar jf. §20-4,
a, b, c, d og e

2597

3.2   Tiltak med krav om ansvarlig føretak jf. § 20-3   
  3.2.1 Fasadeendring, riving og installasjonar    

Innhegning mot veg og skilt og reklame

Frådeling i tråd med plan

Frådeling i uregulert strøk 

(i tillegg kjem gebyr for handsaming av delingssøknad
etter jordlova

2597

2597

1447

2883

  3.2.2 Tilbygg, vesentlig reperasjon, bruksendring, ombygging, 
midlertidige konstruksjonar, vesentlige terrenginngrep og veg,
parkeringsplass, landingsplass
5193
  3.2.3 § 20-3, oppføring av ny bustad med
1 bueining
Tillegg pr. kva ekstra bueining
Søknad om bustad med fleire bygg
på same eigedom
8660

4330

9380
  3.2.4 § 20-3, oppføring av fritidsbustad med 1 bueining
Tillegg pr. kvar ekstra bueining 
Søknad om fritidsbustad med fleire bygg på same eigedom
12989
4330
13710
  3.2.5

§ 20-3, oppføring av nærings-/industribygg pr. BRA pr. tomt
BRA 0 -100 m2
BRA 101 - 200 m2
BRA 201 - uavgrensa


2597
3603
5050
  3.2.6 § 20-1 Andre bygg og store konstruksjonar 8660
  3.2.7 For tiltak/bygg i tiltaksklasse 2 
aukar satsane ovanfor med 25%
 
  3.2.8 For tiltak/bygg i tiltaksklasse 3
 aukar satsane ovanfor med 50%
 
Ved handsaming av søknad i to-trinn, vert halvparten av gebyret fakturert når det er gitt rammeløyve, medan resterande halvpart av gebyret vert fakturert ved igangsettingsløyve.

                                                            

4 Endring av byggeløyve
  4.1 Endring av tidlegare gitt løyve til tiltak jf. § 20-3,
1/3 av fyrste gebyr for vedtak.
 
  4.2 Endring av tidlegare gitt løyve til tiltak jf. § 20-4,     2597
  4.3 Endring av tiltakshavar 0

 

5 Godkjenning av føretak for ansvarsrett, jf. Plan- og bygningsloven kap. 22.
  5.1 § 22-3 Lokal godkjenning av føretak
som har sentral godkjenning     
287
  5.2 § 22-3 Lokal godkjenning av føretak
som ikkje har sentral godkjenning
1448
  5.3 § 22-3 Lokal godkjenning jfr SAK 10 § 6-8,
sjølvbyggar» 
2162

 

6 Ulovlegheitsoppfølging, jf. Plan- og bygningsloven kap. 32
  6.1  Gebyr for manglande søknad om ferdigattest når
kommunen har registrert at tiltak er tatt i bruk
2883
  6.2 Overtredelsesgebyr jf. § 32-8, som SAK 10 § 16-1.  

 

Timesats
For tiltak som ikkje kan handsamast i medhald av satsar som nemnt
ovanfor, skal gebyr bereknast etter medgått tid med timesats
1446

 

 

Tenestyting Drift og forvaltning

Jord- og konsesjonslov

  • Gebyret for handsaming av konsesjonssaker utgjer 3 promille av kjøpesummen, med eit minimumsgebyr på kr 1 000 og eit maksimalt gebyr på kr 5 000. 
  • I delingssaker etter jordlova skal det betalast eit  gebyr på kr 2 000. (makssats jf eiga forskrift).

Det vert elles vist til Forskrift om gebyr for behandling av konsesjons – og delingssaker fastsett av Statens landbruksforvaltning 14.desember 2011.

Fellingsavgifter

Type dyr 2019 2020
Vaksen elg 460 460
Elgkalv 200 200
Vaksen hjort 350 350
Hjortekalv 200 200

 

Gebyr for arbeid etter Matrikkeloven

Matrikkellova skal sikre tilgang til viktige eigedomsopplysningar, ved at det blir ført eit einsarta og pålitelig register (matrikkelen) over alle faste eigedomar i landet, derunder bygningar, bustader og adresser, og at grenser og eigedomstilhøva blir klarlagt.

Den praktiske oppmålinga blir av DFV etter at avtale med oppmålingsfirma gjekk ut 25.05.2015. Utgangspunktet er at gebyret skal dekkje totalkostnaden med tenesta. Vidare er det praktisk at beløpet rundast av til næraste heile 10 krone.

Gebyrauken frå 2019 til 2020 er sett til 3,2 %

9.1 Oppretting av Matrikkeleining
9.1.1 Oppretting av grunneigedom og festegrunn Gebyr 2019 Gebyr 2020
Areal frå 0 - 500 m2 14 361 14 820
Areal frå 501 - 2000 m2 17 959 18 030
Areal over 2001 m2 - auke pr påstarta daa 1 789 1 840
Areal frå 10 001 mvert fakturert etter timepris    
Oppretting av punktfeste 6 291 6 490

Ved samtidig oppmåling av 2 eller fleire tilgrensande tomter som er rekvirert av same rekvirent, vert det gjeve ein reduksjon i pris på 15 % av gebyret pr. tomt.

 

9.1.2 Matrikulering av eksisterande umatrikulert grunn Gebyr 2019 Gebyr 2020
Areal frå 0-500 m² 14 361 14 820
Areal frå 501-2000 m² 17 959 18 030
Areal over 2001 m² - auke pr påstarta daa. 1 789 1 840
Matrikulering utan oppmålingsforretning 6 291 6 490

 

9.1.3 Oppretting av uteareal på eigarseksjon
Gebyr for oppmåling av uteareal pr. eigarseksjon Gebyr 2019 Gebyr 2020
Areal frå 0 - 50 m2 8 974 9 260
Areal frå 51 - 250 m2 14 361 14 820
Areal frå 251 - 2000 m2 17 959 18 530
Areal over 2001 m2 - auke pr. påstarta daa 1 789 1 840

 

Eigarseksjoneringsgebyr pr. bygg
Dersom synfaring ikkje er nødvendig: 3 x rettsgebyr
Dersom synfaring er nødvendig 5 x rettsgebyr
Seksjonering blir godkjent og matrikkelført av Statens kartverk

 

9.1.4 Oppretting av anleggseigedom
Gebyr for oppretting av grunneigedom. 
Det er m2 som er grunnlag for gebyr, ikkje volum
Gebyr 2019 Gebyr 2020
Areal frå 0 - 2000 m2 26 934 27 790
Areal over 2001 m- auke pr. påstarta daa 3 588 3 700

 

9.1.5 Registrering av jordsameige

Gebyr for registrering av eksisterande jordsameige vert fakturert etter anvendt tid.

Timesats 2019: kr  1 126,-
Timesats 2020: kr  1 160,-

Desse timesatsane vert også nytta i dei tilfella der kart- og oppmålingsarbeidet skal skje etter medgått tid.

9.2 Oppretting av matrikkeleining utan fullført oppmålingsforretning

Gebyret blir som i punkta 1.1, 1.2, 1.4 og 1.5 pluss eit tillegg på kr 2 420,-

 

9.2.1 Oppretting av grunneigedom over større samanhengande areal

Gebyr for oppretting av grunneigedom over større samanhengande paresellar/ eigedomar til landbruk, allmenne fritid- og andre allmennyttige føremål skal fakturerast etter medgått tid jfr timesats i punkt 1.5 og minstepris tilsvarande 3 timar.

9.2.2 Avbrot i oppmålingsforretning eller matrikulering

Gebyr for utført arbeid når saka blir trekt før den er fullført må avvisast, eller sak som ikkje let seg matrikkelføre på grunn av endra heimelstilhøve, eller av andre grunnar ikkje kan sluttførast er sett til 1/3 av gebyrsatsane i punkt 1.1 – 1.5.

9.3 Grensejustering
9.3.1 Grunneigedom, festegrunn og jordsameige

Ved gebyr for grensejustering kan arealet for involverte eigedomar justerast med inntil 5 % av arealet på eigedomen (maksimalgrense er sett til 500 m2). Ein eigedom kan likevel ikkje avgjeve areal som i sum overstig 20 % av arealet på eigedomen før justeringa. For grensejustering til veg- og jernbaneføremål kan andre arealklassar gjelde.

  2019 2020
Areal frå 0 - 250 m2 10 621 10 960
Areal frå 251 - 500 m2 14 161 14 610

 

9.3.2 Anleggseigedom
For anleggseigedom kan arealet justerast med inntil 5% av anleggseigedomen sitt volum, men den maksimale gransa blir sett til 1 000 m3

  2019 2020
Areal frå 0 - 250 m2 12 403 12 800
Areal frå 251 - 500 m2 14 161  14 610

 

9.4 Arealoverføring
9.4.1 Grunneigedom, festegrunn og jordsameige

  2019 2020
Areal frå 0-250 m² 10 768 11 110
Areal frå 251-500 m² 14 161 14 610
Areal over 501 auke m² -
pr. nytt påstarta 500 m²
3 906 4 030

 

9.4.2 Anleggseigedom

For anleggseigedom kan det volum som skal overførast frå ein mattrikkeleining til ein annan ikkje vere registrert på ein tredje matrikkeleining. Volum kan berre overførast til ei matrikkeleining dersom krava for samanføying er tilstade. Matrikkeleininga skal vere eit samanhengande volum.

  2019 2020
Volum frå 0-250 m³ 17 723 18 290
Volum frå 251-500 m³ 26 934 27 790
Volum over 501 m³ - auke
pr nytt påstarta 500 m³
8 974 9 260

 

9.5 Klarlegging av eksisterande grense der grensa tidlegare er koordinatfastsett ved oppmålingsforretning

  2019 2020
For inntil 2 punkt 6 281 6 480
Dersom det er fleire enn 2 punkt
r det tillegg pr. pkt.
1 326  1 370
Gebyret skal ikkje bli høgare enn fullt gebyr etter punkt 1

 

9.6 Klarlegging av eksisterande grense der grensa ikkje tidlegare er koordinatfastsett, eller klarlegging av rettar

  2019 2020
For inntil 2 punkt 10 768 11 110
Dersom det er fleir enn 2 punkt
r det tillegg pr. pkt.
1 789 1 840
Klarlegging av rettar vert fakturert etter anvendt tid. Timesatsen er jf. pkt. 9.1.5

 

9.7 Privat grenseavtale

  2019 2020
For inntil 2 grensepunkt, eller
100 m grenselengde
10 768 11 110
For fleire enn 2 pkt., eller
meir enn 100 m grense
blir det tillegg for kvart punkt,
eller kvart påbegynt 100 m
grenselengde på 
1 789 1 810

Rimelegaste alternativ for rekvirenten skal veljast. Det kan gjerast avtale om at ein skal rekne gebyr etter anvendt tid. Timesatsen er jf pkt 9.1.5

 

9.8 Urimeleg gebyr
Dersom gebyret er heilt klart urimeleg i høve til dei prinsippa som er lagd til grunn, og i høve til det arbeidet og kostnadene som kommunen har hatt, så kan rådmannen, eller den som han har gitt fullmakt på eige tiltak fastsette eit redusert gebyr.

Den som har fullmakt kan med same føresetnader, og på bakgrunn av grunngjeve skriftleg søknad frå den som har fått krav om betaling av gebyr, fastsette eit redusert gebyr.

9.9 Betalingstidspunkt
Gebyret skal vere betalt før kommunen utfører oppmålinga. I saker der det ikkje ender opp med dokument som krev oppmåling, eller tinglysing skal gebyret vere betalt før kommunen lagar endelege dokument i saka.

9.10 Endringar i grunnlaget for matrikkelføring av saka
Gjer rekvirenten under saka sin gang endringar i grunnlaget for matrikkelføringa av saka, vert likevel gebyret oppretthalden.

9.11 Utsteding av matrikkelbrev

  2019 2020
Matrikkelbrev inntil 10 sider 185 190
Matrikkelbrev over 10 sider 319 330


9.12 Vinterstid
Frist til kommunen på 16 veker frå rekvisisjon gjeld ikkje for tida mellom 15. november og 1. mai. For oppmåling i område der tilkomstvegen er vinterstengt, gjeld ikkje fristen før vegen opnar.

 

 

Handsaming av private regulerings- og detaljplanar

Samanstilt med mange andre kommunar er handsamingsgebyra for private regulerings– og detaljplanar låge. Ny plan– og bygningslov har auka dokumentasjonskrava og arbeidsmengda med denne type planar. Krav til digitalt planarkiv og handtering av dette har gjeve ei dyrare og tidsmessig meir handtering for kommunen. For å kompensere på dette er vart det for 2014 føreslått ein ny struktur på gebyrlegginga for handsaming av reguleringsplanar. Dette er og meir på linje med kva andre kommunar i vår storleik har i gebyr for handsaming av reguleringsplanar, men også for å få meir realisme  i dei faktiske kostnadane for handsaminga av desse. Ein føreslår ein auke på 3,2 % frå 2019 til 2020 med utgangspunkt i 2019-prisar. 2020-prisane er runda nedover til heile 10 kroner.

PBL kap. 12

14.1 2019 2020
Handsaming av planar på inntil
10 daa
26 656
+annonseringskostnad
27 500
+annonseringskostnad
Tillegg pr. påbegynt daa over 10 daa 869 890

Gebyret vert rekna etter det som i planforslaget er føreslått til nye byggeføremål jf. § 12 – 5 nr 1 og 2

Følgjande reguleringsføremål (areal) skal ikkje takast med i utrekninga av gebyr:

  • Friområde, Landbruksområde, spesialområde for bevaring, friluftsområde, naturvernområde eller vegetasjonssoner. 

14.2       Endring av reguleringsplanar, vesentleg endring jf. Pbl. § 12 – 14:
For handsaming av private forslag til endring av reguleringsplan 1. gang, som krev høyring, er gebyret:

2019 2020
13 991 14 430

 
14.1 Endring av reguleringsplanar, mindre vesentleg endring jf. Pbl. § 12 – 14:
Handsaming av private forslag om mindre vesentleg endring.

2019 2020
7 700 7 940

 

14.2 Fornying av reguleringsplanen med nytt planvedtak jf. PBL § 12-4, siste ledd

2019 2020
6 997 7 220


14.4       Betaling av gebyr:

Gebyret skal vere betalt etter rekningsoppgåve frå rådmannen før saka vert handsama første gong av det faste utvalet for plansaker, ev. anna myndig organ. Dersom planforslaget vert forkasta, vert gebyret redusert med 50 %. Gebyret vert utrekna etter den dei satsane som gjeld den dagen søknaden vert journalført.

 

Kommunale avgifter og betalingssatsar

Registert bygningstype i Matrikkelen (nasjonalt eigedomsregister) er avgjerande for kva type gebyr eigedomen skal ha. Eventuelle endringar av gebyrtype skal skje etter skriftleg og grunngjeven søknad jf. gjeldande lovar og vedteker tilhøyrande tenesteområde, eller i dei tilfella der det er søkt om og gjeve løyve til bruksendring jf. plan – og byggjelova sine reglar.  Det er søknadstidspunkt som er avgjerande for kva tid gebyrendringa eventuelt vert gjeldande ifrå. Søknadar om endring vert ikkje gjeven tilbakeverkande kraft.

Kommunen har kvartalsvis fakturering av kommunale avgifter. Tabellane under gjev forslag til endringar av kommunale avgifter og betalingssatsar for dei ulike ansvarsområda vatn, kloakk, renovasjon, slamtømming og feiing.

Årsavgift for vatn (fast- og kubikkavgift for hus, hytte og næring)

2020 (ekskl.mva) - 3,1% auke frå 2019 til 2020

Gebyr

Tekst

Måleeining

10,86

Vassgebyr etter areal

Kubikk

1 892

Abonnement vatn

Stk

4 049

Abonnement vatn næring

Stk

10,86

A konto vatn

Kubikk

24 373

Tilkoplingsavgift

Stk

15% av monteringskostnad

Vassmålarleige

Stk

 

2019 (ekskl. mva.) - 3,3% auke frå 2019 - 2019

Gebyr

Tekst

Måleeining

10,53

Vassgebyr etter areal

Kubikk

1 835

Abonnent vatn

Stk

3 927

Abonnent vatn næring

Stk

10,53

A konto vatn

Kubikk

23 640

Tilkoplingsavgift

Stk

15% av monteringskosnad

Vassmålarleige

Stk

Plombering eller opning av plombering blir fakturert etter medgått tid. Oppmøtegebyr for vassmålaravlesing blir fakturert etter medgått tid.

Tilkoplingsavgift blir fakturert når byggeløyvet det blir gitt til nybygg. For eksisterande bygg, campingvogner og bubilar, så vert tilknytingsgebyret fakturert når søknad om tilknyting er godkjent.  Årsgebyra (abonnementet  og forbruk) blir fakturert frå dato for tilkopling til det kommunale leidningsnettet.

Årsavgift for kloakk (fast- og kubikkavgift for hus, hytte og næring)

2020 (eks mva) - 3,1% auke frå 2019 til 2020

Gebyr kr.

Tekst

Måleeining

31,96

Kloakkgebyr etter areal

Kubikk

4 006

Abonnent kloakk

Stk

8 009

Abonnent kloakk næring

Stk

31,96

A konto kloakk

Kubikk

34 529

Tilkoplingsavgift

Stk

 

2019 (eks mva) - 3,3% auke frå 2018 til 2019

Gebyr kr.

Tekst

Måleeining

30,73

Kloakkgebyr etter areal

Kubikk

3 852

Abonnent kloakk

Stk

7 701

Abonnent kloakk næring

Stk

30,73

A konto kloakk

Kubikk

33 201

Tilkoplingsavgift

Stk

Plombering eller opning av plombering blir fakturert etter medgått tid. Oppmøtegebyr for målaravlesing blir fakturert etter medgått tid.

Tilkoplingsavgift blir fakturert når byggeløyvet det blir gitt til nybygg. For eksisterande bygg, campingvogner og bubilar, så vert tilknytingsgebyret fakturert når søknad om tilknyting er godkjent.  Årsgebyra ( abonnementet  og forbruk ) blir fakturert frå dato for tilkopling til det kommunale leidningsnettet.

Årsavgift for slamtømming

Slamavgift (eks mva) - 0% auke frå 2019 til 2020
Det er ordinær tømming av private slamavskiljarar i 2020.

Gebyr 2019

Gebyr 2020

2 189,- pr. tank

2 189,- pr. tank

Tømming på bestilling blir fakturert etter 2020-satsane frå tømmefirma og handsamar avfallet (Evje og Hornnes kommune og Setesdal miljø og gjenvinning).
Prisliste vil bli annonsert på Bygland kommune si heimeside når tala føreligg januar / februar 2020.

Årsavgift for renovasjon

Renovasjon (ekskl. mva.) – 0 % auke frå 2019 til 2020

Renovasjonsavgift bustad og hytte vert auka med 0 %.

Gebyr 2019

Gebyr 2020

Gebyrtype

3 159

3 159

Bustadrenovasjon

2 530

2 530

Bustad med kompostering

1 876

1 876

Hytte

Frå og med 2019 blei det vedteke å harmonere / utvide tilbodet innaføre ordninga i tråd med Setesdal Miljø og gjenvinning sin vedtekne avfallsplan frå hausten 2017.

Gebyr 2019 eks mva

Gebyrtype

3 159

Standardabonnement: 120 l restavfall, 120 l matavfall, 140 l glass/metall, 240 l papp/papir og 240 l plast

2 530

Standard 1 med kompostering

Alternativ, tilleggsgebyr til standard

 

432

Restavfall (svart) dunk - 240 l

863

Restavfall (svart) dunk - 360 l

2 373

Restavfall (svart) dunk - 660 l

432

Matavfall (brun) dunk - 240 l

863

Matavfall (brun) dunk - 360 l

382

Papir (grøn) dunk - 360 l

764

Papir (grøn) dunk - 660 l

1 700

Glass/metall (grøn) dunk - 660 l

1 876

Hytterenovasjon

Utgangspunktet for eit standard abonnement ser ein i tabellen ovenfor. For å berekne ekstrakostnadane for større dunkar, så tek ein utgangspunkt i gjennomsnittsleveransen pr. år for ein dunk av standard storleik, pris på tømming av den aktuelle dunkstorleiken og talet tømmingar pr. år.      

Dei som idag har større dunkar og betalar for standard abonnement blir orientert med eigne skriv og dei nye gebyra byrjar å laupe 3 månadar etter varslet.

Levering av restavfall til Nesmoen avfallsstasjon 2 gonger pr. mnd er inkludert i gebyret for privatabonnentar. Hushaldningane skal ha abonnement for restavfall, matavfall, papp / papir / plast og glass / metall. Næringsdrivande har avtale direkte mot renovatøren.

Årsavgift for feiing

Feieavgift (eks mva) - 0% auke frå 2019 til 2020

År

Auke i %

Pris pr. pipe

2019

-39,4

Kr. 350

2020

0

Kr. 350

Det er ikkje differensiering i pris pr. pipe. Frå og med 2019 har Setesdal brannvesen starta med forskriftsmessig feiing og tilsyn av hytter og fritidsbustadar. Talet piper som skal førast tilsyn og feiing i vil auke. 

Takstar familiebadinga på Bygland skule

Tekst

2019

2020

Born pr. gong

20

20

Sesongkort born

150

150

Vaksne over 18 år

60

40

Sesongkort over 18 år

350

350

Familie, sesongkort

700

700

Ein må betale sjølv om ein berre brukar dusj eller badstoga. Symjehallen er open for ålmenta onsdagar og fredagar frå kl. 17.00–20.00 i perioden fyrste veka etter haustferien, og fram til påske. 

Til utleige

Bygland kommune leiger ut mange lokale til både privatpersonar, lag og organisasjonar og private næringsdrivande

Utleige av rom til private ved Byglandsfjord og Bygland oppvekstsenter 

Skule

Rom

Aktivitet

Leigekost.
2019

Leigekost.
2020

Kommentarar

Bygland

Gymsal m.
garderobar 
og kjøkken

Bryllaup, 
konfirmasjonar,
jubile, trening
o.l.

1 200

1 200

Må bruke kommunale 
reinhaldarar

Bygland

Symjehall m.
/birom

Bading

300 pr. time

300 pr. time

Leigetakar/brukar er ansv.
for å tilfredsstille
krav til badevakt

Byglandsfjord 
oppvekstsenter

Årdalshallen
m. garderobe
og kjøkken

Bryllaup;
konfirmasjonar,
jubile, trening
o.a.

1 200

1 200

Må bruke kommunal
reinhaldar

Båe skulane

Gymsalane
m/birom

Kommersielle
arrangement

10% av billett-
inntektene, men
min. kr 1 500
pr. gong

10% av billett-
inntektene, men
min. kr 1 500
pr. gong

Eller etter avtale

Båe skulane

Gymsalane
m/birom og
andre rom

Opphald i helgene

Etter avtale

Etter avtale

Dette kan gjelde lag
på treningstur o.l

Utlån av klasserom/ gymnastikksal/ symjehall på oppvekstsentra for lag og foreiningar tilhøyrande i Bygland kommune er gratis for kurs– og møteverksemd. Det same gjeld for andre offentlege instansar eller anna kommunal verksemd. Nøklar kvitterast ved tenesteleiarane på oppvekstsentra. Inntekter frå utleiga tilfell ansvarsområda på oppvekstentra innunder Drift og forvaltning.  

Eventuell utleige av kommunale bygg til overnatting krev søknad om bruksendring til Setesdal brannvesen IKS. Pris ved denne type utleige skal dekke ekstrakostnadar kommunen har ved utleiga.  

 Utleige av Byglandshallen
 

 

Rom

Aktivitet

Leigekost.
2019

Leigekost.
2020

Kommentar

Bygland
idrettshall

Heile hallen
med
garderobar

Arrangement
til inntekts-
ervervelse
og private

5 000

5 000

Inkl. reinhald

Bygland
idrettshall

2/3 hall

Arrangement
til inntekts-
ervervelse
og private

4 000

4 000

Inkl. reinhald

Bygland idrettshall

1/3 hall

Arrangement
til inntekts-
ervervelse
og private

3 000

3 000

Inkl. reinhald

Bygland idrettshall

Trimrom

Bygland IL

Treningsavgift
til Bygland IL

Treningsavgift 
Til Bygland IL

Inkl. reinhald.
Bygland IL
administrerer
tilgangen
til rommet

Bygland idrettshall

Garderobar
ved
arrangement
utandørs

Arrangement
til inntekts-
ervervelse 
og private

1 000

1 000

Inkl. reinhald

Det kan ikkje gjerast avtale om leige av hallen utan reinhald. Leigekostnadane er pr. gong. Det kan gjerast særskilde avtalar av kommunedirektør/ordførar dersom det dukkar opp tilfelle som ikkje fell innunder dette oppsettet. T.d. sesongleige.

Utleige av Bygland kulturscene

Tekst

2019

2020

Kommentar

Arrangement til inntekts-
ervervelse for privat arrangør

2 000

2 000

Inkl. reinhald

Private arrangement/selskap

2 000

2 000

Inkl. reinhald

Kan ikkje leigast ut eks. reinhald pga. bruk av spesielle reinhaldsmaskinar.

Utleige av Ose grendehus

Leige av Ose grendehus

Inkl. reinhald 2019

Inkl. reinhald 2020

Storsalen (heile bygget)

2 500

2 500

Liten sal (biblioteket)

1 000

1 000

-Gang i andre høgda

750

750 

Første etasje

1 000

1 000

 

Ekskl. reinhald 2019

Ekskl. reinhald 2020

Liten sal (biblioteket)

600

600

-Gang i andre høgda

600

600

-Første etasje

600

600

-Leige av kjøkken til matlaging

 

400

Pris pr. pers ved overnatting                      kr 100,-   (sjå under)
 

Det er vedtekne eigne drifts– og bruksreglar for Ose grendehus, k – styresak nr 30 / 11 den 31.03.2011.
Ved utleige av huset til overnatting i regi av private aktørar kjem pris pr. pers i tillegg til pris i kombinasjon over. Andre ynskje dekkjast ved å kombinere takstane.
Leigesummen inkluderer bruk av kjøkken– og kjøkkenutstyr og sanitære anlegg.

Det skal ikkje krevjast leige for tilskipingar i regi av lag og foreiningar tilhøyrande i Bygland kommune som alle kan vere medlemmer av. Vidare skal det ikkje krevjast leige for t.d. 17 mai feiringar, joletrefestar eller andre arrangement som ikkje har private økonomiske interesser.

Utleige av Lokomotivstallen

 

2019

2020

Storsalen (heile bygget)

1 200

1 200

Berre loftet og kjøkken

600

600

Pris pr. overnatting pr. pers.

100

100

Det er vedtekne eigne drifts– og bruksreglar for Lokomotivstallen, k – styresak nr 31 / 11 den 31.03.2011.
Alt reinhald og avfallshandtering etter bruk må utførast av leigetakar. Ved for dårleg reinhald kan leigetakar verte fakturert for kostnad det er påført utleigar. 
Det skal ikkje krevjast leige for tilskipingar i regi av lag og foreiningar tilhøyrande i Bygland kommune som alle kan vere medlemmer av. Vidare skal det ikkje krevjast leige for t.d. 17. mai feiringar, joletrefestar eller andre arrangement som ikkje har private økonomiske interesser.

Utleige av Grendi skule

 

2019

2020

Pris for leige av bygget

250

250

Utleige av Åraksbø grendehus

 

2019

2020

Pris for leige av bygget

250

250


Utleige av andre kommunale bygg til næringsverksemd

Utleige av kommunale bygg som er aktuelle for næringsverksemd av alle slag, kan leigast ut for ein sum tilsvarande kommunen sine årlege faste kostnadar ved å ha bygget (kommunale avgifter, forsikring mv.). Leigetakar skal alltid betale straumutgiftene ved leige av kommunale bygg i desse tilfella. Det skal lagast skriftleg leigeavtale for alle utleigetilhøve.

Ved eventuelt utlån av straumaggregat til større arrangement / festivalar i kommunen, så skal dieseltank vere fylt opp ved levering til kommunen igjen.

Husleige i kommunale bustader og kontorlokale
Ved utflytting og ny utleige av kommunale bustadbygg leggjast fylgjande utleigesatsar til grunn:

Utleigeobjekt

Gjeldande
utleigetakst
01.04.19

Gjeldande
utleigetakst
01.04.20

Merknader

Tvitun A

5 000

5 000

 

Tvitun B

5 000

5 000

 

Hampetun A og B

4 500

4 500

 

Kåland (4 stk.)

4 000

4 000

Tidlegare aldersbustadar 

Prestlidi (4 stk.)

4 000

4 000

Tidlegare aldersbustadar

Flyktningebustad 1 Rindane

5 500

5 500

Huset blei teken i bruk sommaren 2015

Flyktningebustad 2 Rindane

5 500

5 500

Huset blei teken i bruk tidleg haust 2017

Kontorlokale i 
Næringsbeddet

Gjeldande
utleigetakst
01.01.19

Gjeldande
utleigetakst
01.01.20

Merknad

Pr m2 kontorplass

300,- pr. år

300,- pr. år

Der er 5 kontorrom med noko ulik storleik

Fellesareal (8 m2)

200,- pr. år

200,- pr. år

Til bruk for alle kontorromma og i tillegg til kvm pris

Straum pr kvm

80,- pr. år

80,- pr. år

Takst på kr 100 vert innført ved evt. nye leigetakarar

Reinhald pr m2

150,- pr. år

150,- pr. år

Takst på kr 150 vert innført ved evt. nye leigetakarar

Husleiga på inngåtte husleigeavtalar vert auka i samsvar med husleigelova § 4-2 (tilsvarar auke i konsumprisindeksen siste år) med utgangspunkt i desse prisane.

Kontorlokale i gamle Heradshuset

Gjeldande utleigetakst, 01.01.20

Merknad

Pr m2 kontorplass

200,- pr. år

Der er 2 kontorrom på 20 kvm. og 17 kvm

Fellesareal (m2)

200,- pr. år

22 kvm

Straum pr. mkontorplass

80,- pr. år

 

Reinhald pr m2

150,- pr. år

 

Per dags dato disponerer Norsk Landbruksrådgivning Agder 2 kontor i Heradshuset. Det har ikkje vori betalt leige for lokala før. Innføring av husleige for dagens leigetakarar skal varslast 3 månadar i førekant før den får verknad.

Utleige av minibussen
Leigesatsen følgjer av den til ein kvar tid gjeldande køyregodtgjersla i Statens reiseregulativ.
Per dags dato er denne kr 3,90 pr. km. Meirverdiavgift kjem i tillegg til denne satsen.

Tomteprisar

 

2019

2020

Austad

25 000

25 000

Åraksbø

25 000

25 000

Bygland Prestlidi

60 000

60 000

Grendi

50 000

50 000

Byglandsfjord (gamle tomter) kr. 60 000, men kr. 90 000 for tomt på gnr/bnr 69/322

 

2019

2020

Byglandsfjord bustadfelt, breidablikk

200 000

200 000

Bygland, Rindane busatdfelt

200 000

200 000

Næringstomter Nesmoen

kr. 15 pr. m2

kr. 15 pr. m2

Tilkoplingsavgift for vatn og kloakk, oppmålingsforretning med tinglysingsgebyr kjem i tillegg.

Eigenandel for kommunal brøyting av private vegar

Årstal

Eigenandel

2019

2 500 pr. oppsitjar eks. mva

2020

2 500 pr. oppsitjar/brukar eks. mva

I k–sak nr 53 / 19 og k–sak nr 65 / 19 blei reglementet for kommunalt vintervedlikehald av private   vegar noko endra. Ordninga kan også famne om brukarar som mottek helse- og omsorgstenester som etter vurdering av omsorgsnemnda kvalifiserer for tenesta. Sidan dette er ei ny ordning så lyt ein evaluere prisfastsetjinga noko etter 2020 sesongen med tanke på prisfastsetjing av denne tenesta. Dersom tenesta er tidsavgrensa blir årssummen delt på veketal gjennom året. 

Tenesteyting kommunedirektøren sin stab og kultur

Eigedomsskatt

Kommunen skriv ut 7 promille i eigedomsskatt på kraftverk og kraftnett. Kommunen skriv og ut 7 promille i eigedomsskatt på bygg og eigedom knytte til det som var definert som verk og bruk i den gamle eigedomsskattelova. Når det gjeld produksjonsutstyr og –installasjonar på tidligare verk og bruk, vert det skrive ut eigedomsskatt på 7 promille av 5/7 av taksten for 2019, jf. overgangsregelen.

Kopieringsgebyr

Kostnadar til drift av kontormaskinar og programvare (kartplottar og skrivarar) er forholdsvis høge. For å dekkje noko av desse kostnadane gjevast fylgjande gebyrregulativ på utskrifter: 
Frå kartplottar: A1 + A0:               kr 112
Kopiar kostar kr 3 for A4 svart/kvitt - kr 11 for A4 farge - kr 5 for A3 svart/kvit - kr 21 for A3 farge.
Laminering kostar kr 22 for A4, kr 12 for C5.
Merk at alle desse beløpa er ekskl. mva.

Infoland

Infoland prisliste 2020: http://www.infoland.no

Kultur

Bygdebok kr 400 pr stk.  Ikkje kontantsal.

Kulturskulen i Bygland, Evje og Hornnes: https://www.e-h.kommune.no/priser-og-viktig-informasjon.440341.no.html

Bevillingsgebyr

Gebyret skal betalast etter følgjande satsar:

  • 0,22 kr pr. vareliter for alkoholholdig drikk i gruppe 1
  • 0,60 kr pr. vareliter for alkoholholdig drikk i gruppe 2.
  • 0,49 kr pr. vareliter for alkoholholdig drikk i gruppe 1
  • 1,29 kr pr. vareliter for alkoholholdig drikk i gruppe 2
  • 4,27 kr pr. vareliter for alkoholholdig drikk i gruppe 3.

Bevillingsgebyret utgjør pr. år minimum kr 1700 for sal og kr 5300 for skjenking. Bevillingsmyndigheten kan likevel i særlege tilfelle bestemme at gebyret skal setjast lågare. For ambulerande bevilling kan bevillingsmyndigheten krevje eit gebyr på inntil kr 380 pr. gang.
I tillegg vil Bygland kommune tilby ein eigen sats for skjenkebevilling over kortare periodar enn 1 år, men minimum 1 månad. Denne satsen vert berekna som følgjer:
                Skjenkebevilling, bestemt periode: 5300/12 x antall mnd x 1,5
Kor 1,5 er ein fast takst basert på det meirarbeidet kommunen har med fortløpande handsaming av desse søknadane.

SFO

SFO

Det blir gjeve 50% søskenmoderasjon innanfor SFO

Betaling SFO 01.02.2017 01.08.2018 01.08.2019| 01.08.2020
Sats 1 (1 - 5 timar pr. veke) 735 754 775 799
Sats 2 (6 - 10 timar pr. veke) 1193 1223 1257 1296
Sats 3 (11 - 15 timar pr. veke) 1752 1798 1848 1905
Sats 4 (16 - maks timar pr. veke) 2073 2127 2187 2255
Betaling ekstratimar 38 39 40 41

I tillegg kjem matpengar:

  2018 2019 2020
Sats 1 97 99 102
Sats 2 125 128 132
Sats 3 150 153 158
Sats 4 175 178 184

 

Barnehage

Foreldrebetaling

Betaling pr.mnd 01.08.2017 01.08.2018 01.08.2019 01.08.2020
3 dagar (inntil 27 timar pr. veke) 1638 1746 1824 1881
4 dagar (28-36 timar pr. veke) 2184 2328 2432 2508
5 dagar (over 37 timar pr. veke) 2730 2910 3040 3135
Betaling ekstratimar 38 39 40 41

 

Matpengar

Satsar for matpengar

  2018 2019 2020
3 dagar pr. veke 150 153 158
4 dagar pr. veke 200 205 211
5 dagar pr. veke 251 257 265

 

Moderasjon

Det vert gjeve 50 % søskenmoderasjon innanfor barnehagen. 

Det er to moderasjonsordningar for dei med låg inntekt: - Nasjonal ordning for reduksjon i foreldrebetalinga: ingen skal betale meir enn 6 % av husstanden si inntekt for barnehageplass. Inntektsgrensa er kr 574 750 frå 01.08.2020. - Gratis kjernetid for 2-, 3-, 4- og 5- åringar: alle 2-, 3-, 4- og 5- åringar, og barn med utsett skulestart, som bur i eit hushald med låg inntekt har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke. Inntektsgrensa for gratis kjernetid er kr 566 100 frå 01.08.2019. Foreldre med inntekt som ligg under grensene, må sjølv søkje om reduksjon i foreldrebetalinga. Får ein godkjent reduksjon i foreldrebetalinga, gjeld den nye satsen frå den månaden søknaden er registrert motteken i kommunen.