Turistinformasjonen er et samarbeidsprosjekt av Setesdalmuseet og Bygland kommune. Det er Fatima Aakhus og Susanne Hegenscheidt som opnar turistkontoret på tidlegare Glashytta og Bygland Museum for gjester frå inn- og utlandet.
Gjestene blir tekne i mot på norsk, engelsk og i Susannes tilfelle også på tysk.

Bygland turistinformasjon vil informere om reiselivet, overnatting og moglegheiter for opplevingar i Bygland, på Setesdalmuseet sine utstillingsplassar samt dampskipet Bjoren og reiselivet i øvre og nedre Setesdal generelt. Det blir óg sal av lokal kunst og suvenir.

Turistinformasjonen har eigen Facebook-side med engelsk språk: Bygland Tourist Information, https://www.facebook.com/byglandtourism . Med dette internasjonale tiltaket har fleire turistar moglegheit til å informere seg om kva som skjer i Bygland og Setesdal.

Har du som reiselivsaktør i Bygland eller andre stader i dalen brosjyrar Bygland turistinformasjon skal legge ut, kan du kontakte Bygland kommune under 37934700 eller levere dei inn til Sentralbordet på Bygland kommunehus måndag – fredag mellom kl 10 - 14 innan 22. juni.

Bygland turistinformasjon gleder seg til ein spennande sesong med mange nasjonale og internasjonale gjester! 
Velkommen inn i tida 22. juni og 15. august kl 11-17!