Prøvingsattest
For å kunne gifte seg må Skatteetaten sjå til at de som brudepar oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. De må sjølv ta kontakt med Skatteetaten og ordne dette. Når det er gjort får de ein prøvingsattest. Den må vi få for å kunne vigsle dykk.

HER KAN DE ORDNE PRØVINGSATTEST

Merk at det kan ta to-tre veker å få søknaden handsama, og at attesten er gyldig i fire månader.

Avtale om vigsel
Når prøvingsattesten er i orden tek de kontakt med oss for å gjere avtale med vigslar om sjølve vigselen.

Dei som har vigselsrett i Bygland er ordførar Leiv Rygg Langerak, varaordførar Vidar Frøysnes og rådmann Aasmund Lauvdal.

De kan gifte dykk på kommunehuset eller ein annan stad, om det går praktisk for vigslar. Dette avtaler de med vigslar.

Utanom sjølve vigselsritualet som vi har ansvaret for, kan de sjølve ordne med ramma rundt slik de finn det best.

Borgarleg vigsel er gratis i Bygland.

Lovar og reglar