Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
20. januar:

Punkt frå møte i kriseleiinga 20.01.21

Det er jamnlege møte i kriseleiinga i samband med den pågåande situasjonen med Covid -19. Nedanfor f... Les meir

Bilstønad

Generelt om tjenesten

Tenesteomtale

Dersom du ikkje kan nytte offentlege transportmiddel som følgje av sjukdom, skade eller lyte, kan du ha rett til bilstønad.

Du kan ha rett til bilstønad dersom du har ei varig funksjonsnedsetjing som gjer at du ikkje kan nytte offentlege transportmiddel, eller dersom bruk av offentleg transport fører til urimelege belastingar for deg. I tillegg må du ha eit behov for bil for anten å kunne

  • reise til og frå arbeids- eller utdanningsstad
  • utføre din funksjon som heimearbeidande
  • hindre eller bryte eit isolert tilvere
  • avlaste familien i tilfelle der funksjonsnedsetjinga fører til særleg stor pleiebyrde og på den måten kan hindre innlegging i helseinstitusjon

Målgruppe

Menneske med varig funksjonsnedsetjing

Kriterium/vilkår

Det er en føresetnad at transportbehovet ikkje kan dekkjast på annan måte enn ved stønad til bil.

Det blir ikkje gjeve stønad til bil dersom funksjonsnedsetjinga er oppstått etter fylte 70 år.

Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

Samarbeidspartnarar

Nav

aaa
Lover og forskrifter

Sjå spesielt § 10-7 i folketrygdlova og § 2 i forskrift om stønad til motorkjøretøy ...

Lover

Folketrygdloven

Forskrifter

Bilstønadsforskriften

___
Skjema

Rettleiing - korleis få utført

Du må fylle ut søknadsskjema. Det lastar du inn frå lenkja under

Vedlegg

Vedlegga går fram av søknadsskjemaet.

Saksbehandling

Klagemulighet

Får du avslag på søknaden din, kan du sende klage innan seks veker frå du tok imot avslaget. Du må fylle ut klageskjema, sjå lenkja over.

Kontaktinformasjon

Kontaktavdeling

Avdeling:NAV Midt-Agder
Telefon:55 55 33 33
Postadresse:Hunsøya, 4700 Vennesla
Besøksadresse:Hunsøya næringspark, 4700 Vennesla
Andre opplysningar
Oppdatert:
2020-01-20 12:56
Gyldig til
2020-11-30