Området er drifta og forvalta av Bygland kommune. For å få ein oversikt, og god avvikling av eventuelle arrangement, så ber me om at aktuelle aktørar hendvender seg til kommunen med ein skriftlig søknad om å bruke areala. 
 
Søknaden må innehalde tidsrom for arrangementet, type aktivitet og andre behov som må dekkjast. T d sanitære forhold. Kommunen ynskjer også å ha dialog med arrangørar når det gjeld sikkerheitsplan for arrangementet og eventuelle behov for skjenkeløyve.
 
Aktuelle linkar kan vere nyttige å lese igjennom: 
 
For god planlegging så ynskjer kommunen søknadane innan utgangen av februar 2022. Dersom fleire arrangement ynskjast i same tidsrommet, så er utgangspunktet at «første mann til mølla prinsippet» gjeld. Søknaden sendast til Bygland kommune, sentrum 18, 4745 Bygland eller 
 
Aktuelle kontaktpersonar er beredskapskoordinator Rune Larsson eller tenesteleiar drift og forvaltning Kjell Øyvind Berg ( tlf 379 34 730 ).