Oversikt over arrangement
Følgjande tidspunkt er opptatt, og det er med andre ord moglegheiter for fleire arrangement sommaren 2023!
Dato | Arrangement |
21. - 30. juli | Området er booka av Bygland luftsportsklubb (Gamaveka Extreme) |
Sommaren 2023
Området er drifta og forvalta av Bygland kommune. For å få ein oversikt, og god avvikling av eventuelle arrangement, så ber me om at aktuelle aktørar hendvender seg til kommunen med ein skriftlig søknad om å bruke areala.
Søknaden må innehalde tidsrom for arrangementet, type aktivitet og andre behov som må dekkjast. T d sanitære forhold. Kommunen ynskjer også å ha dialog med arrangørar når det gjeld sikkerheitsplan for arrangementet og eventuelle behov for skjenkeløyve.
Aktuelle linkar kan vere nyttige å lese igjennom:
For god planlegging så ynskjer kommunen søknadane snarast mogleg. Dersom fleire ynskjer arrangement i same tidsrommet, så er utgangspunktet at «første mann til mølla prinsippet» gjeld.
Aktuelle kontaktpersonar er beredskapskoordinator Rune Larsson (913 38 585) eller tenesteleiar drift og forvaltning Kjell Øyvind Berg (918 63 403)