INNLEIING

Bygland kommune ønskjer å legge til rette for at våre bebuarar kan få besøk på institusjon. Desse retningslinene er utarbeidd i tråd med FHI sine føringar og lokal risikovurdering.
Hovudregelen er at besøka skal gjennomførast slik at risikoen for at besøkande fører med seg smitte inn i institusjonen er minst mogleg.

FØR BESØK:

  • Besøk må bli avtalt på førehand ved at ein ringer til Byglandsheimen for å avtale tidspunkt:
    • Telefon Byglandsheimen: 94532942
    • Ein kan avtale besøk alle dagar etter avtale med Byglandsheimen
    • Tidsramme for kvart besøk er inntil 60 minutt
  • Tilsette vil avklare smittestatus (gjennomføre ei «screening») for dei besøkande
  • Pårørande eller andre som er sannsynleg eller stadfesta smitta med covid-19, kan jamfør covid-19-forskriften ikkje komme på besøk i institusjonen. Det same gjeld for dei som har luftvegssymptom eller er i karantene, men her kan ein vurdere unnatak
  • Kven kan besøke: Nær slektning eller god ven, avgrensa opp til 5 personar utan symptom og som ikkje har vore i kontakt med kjent smitte. NB! Besøkande må ha oppheldt seg i Noreg dei siste 10 dagane
  • Besøket gjennomførast primært på eigen besøksstad i sjukeheimen. Dette er for å redusere risikoen for overføring av smitte til bebuardelen på institusjonen. For bebuarar i omsorgsbustader kan besøket skje i leilegheit
  • Det blir ført logg over besøkande av omsyn til framtidig smittesporing. Loggen vil bli handsama i tråd med gjeldande retningsliner for personvern (GDPR). Det er frivillig for besøkande å gje personopplysningar for smittesporingsformål. Opplysningane blir ikkje lagra lenger enn nødvendig. For smittesporingsformål er det 10 dagar

UNDER BESØK:

  • Besøkande hentast av tilsette ved hovudinngang og følgas til besøksstaden
  • Besøkande utfører god handhygiene før og etter besøk. Handdesinfeksjon er tilgjengeleg ved hovuddør, samt på besøksstaden
  • Tilsette informerer besøkande korleis dei best kan beskytte seg sjølve og pasienten mot smitte ved å halde minst 1 meters avstand til andre, gå direkte til besøksstad og ikkje opphalde seg i fellesareal
  • Om det ikkje er mogleg å halde minimumsavstand på 1 meter og fysisk kontakt må besøkande ha på seg munnbind under besøket
  • Bebuarane kan få gåver, blomar o.l., men dette må leverast til tilsette når ein møter opp. Det vil då bli gjort ei smittevernvurdering i kvart enkelt tilfelle. Nokre gonger kan det vere at gåva/tilsv. må desinfiserast eller vere noko tid i karantene før bebuaren får gåva
  • Om besøkjande har med mat må denne vere klar til servering. Alle som er til stades må utføre handhygiene før ein et
  • Ved besøkets slutt kontaktar besøkande tilsette ved å ringe tlf. nr. 94532942 eller ved å avtale ønskt tidsbruk. Besøkande følgjes ut av tilsette når besøket er slutt
  • Besøkande må opphalde seg på tilvist stad, og ikkje gå rundt på institusjonen på eiga hand

ETTER BESØK:

  • Felles berøringspunkt på besøksstad og ytterdør blir desinfisert av den tilsette som følgjer besøkande ut etter besøket
  • Reinhaldspersonale gjer reint på besøksstaden før kvar besøksdag
  • Besøkande blir gjort kjent med at dei ved symptom på Covid-19, skal opplyse om at dei har vore på besøk i institusjon som del av smittesporinga