Tillatt akseltrykk i denne perioden er 6 tonn.

Veg til Vassendøya, Nesmoen industriområde, veg til Varmesentralen på Bygland og veg frå Rv9 via Stasjonsområdet til Senumsvegen på Byglandsfjord er unnateke ordninga.

Generell dispensasjon gjeld for:

  • Rutegåande persontransport
  • Mjølketankbil
  • Slaktebil og bil for nødslakt
  • Renovasjonsbil
  • Septiktankbil

Opplysningar elles er å finne i veglista frå Statens vegvesen. Det vil bli sett opp skilt.

Restriksjonane gjeld til dei blir oppheva v/melding på denne sida eller facebooksida til kommunen.

Førespurnader om dispensasjonar kan bli retta til Bygland kommune, Drift og forvaltning, tlf. 918 63 403 eller evnt. 945 32 945