Idédugnad framtidas Bygland - Ose grendehus

Nå blir framtidas Bygland planlagt – blir du med på idédugnaden?
Vi ønskjer innspel og idéar frå innbyggjarane til arbeidet med kommuneplanen sin arealdel, og inviterer til idédugnad/ope møte følgjande stader:

Ose grendehus 3. juni kl 18-20

Grunna usikker smittesituasjon, så kan det vere vi må endre både på tidspunkt og møtestad. Følg difor med på informasjon frå kommunen.
Kommuneplanen sin arealdel seier noko om kor utviklinga i kommunen skal skje. Arealdelen inneheld kart, føresegn og retningsliner som skal leggast til grunn for meir detaljert planlegging. Arealdelen bestemmer korleis vi vil bruke og utvikle de ulike områda i kommunen: Kvar vil vi bygge nye bustadar? Kva område bør bli utvikla først? Kvar skal det vere kultur- og tenestetilbod, handels- og næringsverksemd? Kvar skal det vere grøntområde? Korleis skal vi best mogleg ta vare på natur og landbruksområda i kommunen? Og korleis skal vi kome oss rundt mest mogleg effektivt og miljøvenleg? Sentrale tema på møta blir bustad, næring , samferdsel og friområde.

Arrangør: BYGLAND KOMMUNE
: Ose grendehus
Tid: torsdag 3. juni 18:00
Meeting
http://bygland.kommune.no