LMT Setesdal: Frisklivstilbod: Sov godt-kurs - del 2

LMT Setesdal presenterer Frisklivstilbod i Setesdal: Sov godt - lær meir om søvn

Om kurset
Kurs for deg som har utfordringar med søvn.

Kurset er utarbeida av psykologar tilknytta helsedirektoratet. Kurset inneheld to samlingar og leiast av lokale kurshaldarar frå Setesdal. Tilbodet er åpent for alle i alderen 16 og oppover. Mange kan oppleve søvnvanskar, som eks. slite med å sovne om kvelden, vakne for tidlig om morgonen, sove uroleg og/eller oppleve mange oppvakningar gjennom natta.

Kurset er teoretisk, og er eigna for alle som opplev at søvnvanskar går utover kvardagen. Etter påmelding vil du få ein telefon fra ein av kursleiarane. Dette for å sikre oss at kurset vil passe dine behov.

Tema som blir tatt opp:
- Søvn og søvnvanskar
- Avslapningsteknikkar
- Gode råd for betre søvn
- Søvndagbok
- Forestillingar om søvn

Samlingane inneheld både presentasjon av fakta og erfaringsutveksling.

Kor og når:
Evje, Aktivitetssenteret på Evjeheimen
14. og 28. april 2021 kl. 18.00 – 20.00

Kurshaldarar:
Mari Haugen Abusland, leiande helsesjukepleiar på helsestasjonen i Evje og Hornnes kommune
Hege Haukom, avdelingsleiar på Evjeheimen

Påmelding
Frist: 7. april 2021
Meld deg på via elektronisk skjema: https://forms.office.com/pages/responsepage.aspx…
eller ta kontakt med Servicekontoret i Evje og Hornnes kommune - Tlf. 37 93 23 00

Arrangør: LMT Setesdal
: Evje, aktivitetssenteret på Evjeheimen
Tid: onsdag 28. april 18:00
https://www.e-h.kommune.no/frisklivstilbod...