Kunstnarverkstad kl. 1-3, Bygland frivilligsentral

Kunstnarverkstad på Bygland frivilligsentral
Kunstnarverkstaden har vist seg å vere svært populær. Det er skikkeleg moro! Me har per no 20 plassar og mange på venteliste. Pga. korona kan me desverre ikkje ha fleire enn 20 inne på Frivilligsentralen om gonga, og dette legg begrensning som me egentlig ikkje ønskjer.
For å legge til rette for alle som vil/kan delta, ønskjer me å prøve ut følgande:
Det vert no to grupper, med ulike tidspunkt:
Klokka 13.00-14.30: 1-3 Klasse.
Klokka 15-16.30: 4-6 Klasse
På den måten kan me ta i mot 40 barn i staden for 20. Det betyr også at me IKKJE treng påmelding for kvar gong. Det betyr også at dei som har fått melding om at dei står på venteliste kan kome, på tidspunkta nevnt over.
Me håper at dette gjer at fleire får delta på Kunstnarverkstaden. Me oppmodar foreldre om å gå saman om køyring, eller følgje over riksveg 9.
Me oppmodar også borna om å ha med seg tøy som kan bli skittent med malingssøl.
Hanneke som er frivillig, har masse idear. Ho ber borna samle og ta med seg følgande om dei har/kan:
• småleiketøy i plast som ikkje vert bruka alla kindereggleiker/mcdonalds leiker.
• tomme eggekartonger
• pappen inni dorullar
• små pappesker.
Så er det også slik, at fleire born krev meir ressurs. Skulle det vere slik at du har lyst å bidra med å hjelpe ungane ei gong innimellom så gje gjerne beskjed til dagleg leiar: Anne Fauske
Håper at ungane dine trivast, og at dette legg til rette for at alle som vil kan vere med.

Arrangør: BYGLAND FRIVILLIGSENTRAL
: Bygland Frivilligsentral
Tid: torsdag 1. januar
Kids
http://bygland.frivilligsentral.no