Kunstnarverkstad kl. 4-6, Bygland frivilligsentral

Er du glad i å male, teikne eller lage ting? Då er dette tilbodet for deg som går i 2-6 klasse, og likar å bruke di kreative side.
Me ønsker at dette skal vere eit tilbod til dei som er glad i å skape noko, og nytte si kreative side.

Me har ein flott frivillig med kunstnarbakgrunn som vil vere til stades kvar gong, og hjelpe deg med rettleiing og idear.

Frivilligsentralen står for alt utstyr, når det gjeld måling, papir, papirkniv, limpistol mm. Det einaste du treng å ta med deg er noko tøy som det ikkje er så nøye med. Kanskje dine føresette har ei skjorte som ikkje er i bruk lenger? Me nytter maling som ikkje kan vaskast av.

Tidspunktet på dagen, kan tilpassast etterkvart for at det skal passe for skuleslutt for barna både frå Byglandsfjord og Bygland.

MERK: Me har 20 plassar, og det er "første mann til mølla" prinsippet som gjeld.

Se påmeldingsskjema: https://bygland.frivilligsentral.no/hendelse?kunstnarverkstad&Id=535819&fbclid=IwAR1GyPgxaudhlAOlSqDX0Adlh1WH3V0UB7vfxmKxndjfkBt8PvQT_tReAvQ

Arrangør: BYGLAND FRIVILLIGSENTRAL
: Bygland Frivilligsentral
Tid: torsdag 1. januar
Kids
http://bygland.frivilligsentral.no