AVLYST - Gangarkurs - del 3 (arr. Setesdal folkehøgskule)

GANGARKURS – Lær nye tak av gamle heltar!
Tre samlingsdagar med ulike fokus.

Setesdal folkehøgskule inviterer bygdefolk og andre interesserte til gangarkurs, i samarbeid med Agder folkemusikkarkiv og Setesdal spelemannslag. Kurset har tre samlingsdagar med Sigrid Kjetilsdotter Jore som kursleiar. Ho får god hjelp av Jon K. Rysstad, Harald Knutsen, røynde dansarar i danseringen Sæbyggjan og drivande dyktige spelemenn.

7. feb. kl. 17.30-21.30 FOKUS: Gangarring og danseopptak
Agder folkemusikkarkiv ved Harald Knutsen kjem og syner filmklypp med gangardans frå arkivet. Etterpå prøvar me å herme etter dansemeistarane me har sett.

29. feb. kl. 11.30-16.00 FOKUS: Eisemadde
Utvikle din eigen eisemaddegangar med hjelp av dansemeistar Jon K. Rysstad og gode medhjelparar frå Sæbyggjan. Har du ikkje dansa eismadde før? No har du sjansen til å lære!

27. mars kl. 17.30-21.30 FOKUS: Gangarring, eisemadde og danseopptak
Vidare dykk inn i dansetradisjonen vår i Setesdal med filmklypp av dans. Me er mykje ut på golvet og prøvar oss på det me lærer både i ring og eisemadde. Jon K. Rysstad kjem, og kanskje Harald frå arkivet òg?

Stad: Hylestad soknehus

Kurset er for deg som berre så vidt har dansa gangar før, og for deg med lang erfaring med dansen. Du treng ikkje ha dansepartnar for å melde deg på! Du må vere mellom 13 og 97 år for å kunne delta.


PÅMELDING INNAN 5. FEBRUAR til sigrid.jore@setesdal.fhs.no

Pris: 300kr for vaksne
150kr for ungdom u/18 år og medlem i Sæbyggjan

Prisane gjeld for alle tre samlingsdagane totalt.

Arrangør: SETESDAL FOLKEHØGSKULE
: Hylestad soknehus
Tid: fredag 27. mars 17:30
https://setesdalfhs.no/