Folkemøte om kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse

Riksantikvaren har fått i oppdrag å etablere eit register over kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA-registeret). Kommunane er utfordra til å gi uttale til framlagde høyringsutkast innan 01.04.2020. Før Bygland kommune handsamar sak om høyringsutkastet, ynskjer ein å gjennomføre eit folkemøte i Åraksbø grendehus, torsdag den 30.01.2020 kl. 19:00

Føremålet med møtet er at Agder fylkeskommune vil informere om prosjektet og at grunneigarane m.fl. blir gitt høve til å gi innspel og stille spørsmål. Bygland kommune ynskjer skriftlege innspel til høyringssaka innan 10.03.2020.

Ytterlegare bakgrunn for møtet og saka kan du lese om på vedlegga du finn lenger nede på sida.

Kontaktperson i Bygland kommune: Tenesteleiar DFV, Kjell Øyvind Berg

Sjå vedlegg i tilsvarende melding frå 06. januar 2020 under Aktuelt:
​Brev frå Riksantikvaren datert 18.12.2018

Høyringsutkast KULA

Følgebrev til høyringsutkastet

Arrangør: Bygland kommune
: Åraksbø grendehus
Tid: torsdag 30. januar 19:00