TRE i Setesdal - konferanse om trenæringa i Agder

TRE i Setesdal inviterer trenæringa i Agder, offentlege og private utbyggjarar, politikarar, kommuneadministrasjon og andre interesserte til stor konferanse i laftehallen ved Setesdalsmuseet på Rysstad.
Konferansen startar kl. 10:00 (kaffe & registrering frå 09:30), og varer til kl. 16:00. Det blir servert lunsj, og deltaking er gratis.

TEMA:
- Grensesprengande trebyggeri - myter og moglegheiter
- Korleis kan kommunar bidra til meir bruk av tre?
- Korleis skal me få til fleire gode treprosjekt i Agder?
- Korleis står det til med den lokale trenæringa?
- Motivasjon for og erfaringar med å byggje ny skule i massivtre
- Tredriveren i Agder til teneste - Innovasjon Norge

I tillegg får me informasjon frå vertskapet Setesdal bygningsvernsenter og informasjon om nettverket Tre på Agder.

Påmeldingsfrist 8. januar
https://www.treisetesdal.no/pmelding-tre-i-setesdal-konferanse

Arrangør: TRE i Setesdal
Tid: onsdag 15. januar 10:00
https://www.treisetesdal.no/framside/konfe...