Folkemøte om turveg på Byglandsfjord

Det blir folkemøte om turveg på Byglandsfjord den 10. desember kl 17:30 i Årdalshallen

Kor skal ein ny turveg på Byglandsfjord ligge?

Vi ønskjer å få innspel frå dykk som bur på Byglandsfjord, om kor det er best å etablere ein turveg og kva slag aktivitet ein skal legge til rette for?

Vi ønskjer å legge vekt på:
• Idrett og friluftsliv for alle
• Fysisk aktivitet, helse og trivsel
• Tilrettelegging i nærmiljøet
• Friluftsliv i pakt med naturen (miljøvenleg tilrettelegging)

Heilårs turtraséar må planleggjast for tilrettelegging for flest mogelege brukarar og funksjonar.

Dette kan vere:
• trasé som stimulerer til idrett og friluftsliv for alle både unge og gamle, trena og utrente – også for personar med ulike funksjonshemmingar
• mosjons- og treningsløype med faste dekke for brukarar med rulleskøyter, rulleski og rullestol
• skiløype der dei klimatiske forholda ligg til rette for det med natursnø
• turtrase for gåande, også dei med barnevogn og for jogging og sykling
• turvegar med ferdselsåre som bind saman bustadområde, eller som bind saman bustadområde med nærfriområde og idrettsanlegg eller som turtrasé ut av busetnad til utmark eller sjø- og strandareal
• turveg som tener som samband mellom for eksempel bustad, skule, arbeidsstad eller sentrumsfunksjonar

Arrangør: BYGLAND KOMMUNE
: Årdalshallen, Byglandsfjord
Tid: tirsdag 10. desember 17:30
Meeting