Open byte-dag på Bygland frivilligsentral

Open dag på Utstyrssentralen/Frivilligsentralen på Bygland.

Onsdag 20. november frå klokka 14.00 – 18.00, ynskjer vi å ha ein bytedag på Frivilligsentralen.
Ta med deg fritidsutstyr du ikkje lenger har bruk for. Det kan du selje for ein billig penge, eller bytte mot noko anna. Kanskje nokon andre har bruk for akkurat det utstyret du vil kvitte deg med.
Det er og mogleg å levere inn pent brukt utstyr/vintertøy vi kan låne ut på Utstyrssentralen.
No håpar vi at du vil vere med på dette. Du er hjarteleg velkomen om du berre vil ta ein titt på kva Utstyrssentralen kan låne ut.

Helsing Anne og Merete

Arrangør: Bygland frivilligsentral
: Bygland Frivilligsentral
Tid: onsdag 20. november 14:00