Setesdalsmeisterskapen i barnefotball - jenter og gutar 6-12

Bygland IL, i samarbeid med Valle IL og Otra IL, inviterer med dette

til «Setesdalsmeisterskapen i barnefotball» for jenter og gutar 6-12 år laurdag 23. november 2019 i Byglandshallen. Turneringa er gratis for laga. Alle får premie!

..........................................................................

KLASSEINNDELING

• Gutar-6 (født 2013) • Jenter-6 (født 2013)
• Gutar-7 (født 2012) • Jenter-7 (født 2012)
• Gutar-8 (født 2011) • Jenter-8 (født 2011)
• Gutar-9 (født 2010) • Jenter-9 (født 2010)
• Gutar-10 (født 2009) • Jenter-10 (født 2009)
• Gutar-11 (født 2008) • Jenter-11 (født 2008)
• Gutar-12 (født 2007) • Jenter-12 (født 2007)

..........................................................................

Om det ikkje er nok spelarar til lag i ei årsklasse, meldast laget bare på i klassa over. Det er ikkje tillatt med eldre spelarar på yngre lag. Mix-lag jenter/gutar er OK, men må meldast på i guteklassen. Det blir spelt 3-er fotball i alle klassar. Det er intense kampar og høgt tempo. Speletid i kvar kamp er difor sett til 8 min. Me prøver å få til 6 kampar for kvart lag. Kampane blir forsøkt plassert innanfor eit tidsrom på 1-2 timar. Turneringsstart kl. 10.00. Dei yngste laga startar kampane først på dagen. Det er stort sett vanlege fotballreglar. Men det er 2 – TO – minimål på kvar kortlinje. Innkast er erstatta med innspark. Avspark etter skoring tas frå kortlinja. Ved målspark og avspark skal det andre laget flytte seg tilbake til midtstreken, så laget med ballen kan kome greit i gang. Utfyllande spelereglar blir sendt laga saman med kampoppsettet, og vil også vere å få i hallen på cupdagen.

..........................................................................

PÅMELDINGSFRIST

Påmeldingsfristen er sett til onsdag 13. november. Påmelding sendast til Kim Andrè Nomeland Thorstensen,

E-post: kim_andre_50@hotmail.com. Alle lag må namngi ein ansvarleg vaksen lagleiar.

Kampoppsettet blir sendt han/henne på E-post så snart det ligg føre, og seinast søndag 17. november.

..........................................................................

SPØRSMÅL

Spørsmål om turneringa kan rettast til: Kim Andrè Nomeland Thorstensen, mob. 984 69 989 evt. Geir Daasvatn, mob. 909 26 724 / Kristine Kleiveland, mob. 991 05 541

Arrangør: BYGLAND IL
: Byglandshallen
Tid: lrdag 23. november 10:00
Sports