Slåttedag på Rygnestad

Den årvisse slåttedagen på Rygnestad går av stabelen laurdag 13.7.

Rygnestad er valt ut som eitt av 20 norske kulturlandskap som skal takast særskilt vare på. Derfor vert landskapet her pleia på ein spesiell måte. Museumstunet vert beitt med husdyr, graset vert slått med ljå, og i det heile slik det var før maskinane gjorde sitt inntog i landbruket.

Eitt resultat er sjølvsagt at eit slikt pleia landskap er vakkert å sjå på. Ei anna side er at den gamle vegetasjonen også vender tilbake. Ein spesiell blom er den gule, prestekrageliknande solblomen, eller tobakksblomen som namnet er lokalt. Etter å ha vore meir eller mindre borte nokre tiår, er han no i ferd med å vende tilbake. Som eit ekstra pluss dukkar det også opp nye insektartar og andre smådyr når den gamle vegetasjonen tek til å dominere att.

Andre laurdagen i juli inviterer Setesdalsmuseet saman med grunneigarar og Fylkesmannen i Aust-Agder til slåttedag..

Programet er som følgjer:
* ljåslått med langorv og stuttorv
* sliping/bryning
* gratis slåttegraut ca. kl. 12.00



Alle interesserte kan prøve ulik reiskap og deltake i slåtten. Dei som ynskjer kan ta med eigen ljå.
Det blir lagt opp til ein sosial og familievenleg dag med triveleg kaffirøe etter slåttegrauten og kulturelle diskusjonar.

Vi er sjølvsagt avhengige av at vêrgudane er med oss for å få alt til å klaffe. Men uansett inviterer vi til ein triveleg dag på Rygnestadtunet.

Arrangør: Setesdalmuseet Rysstad
: Rygnestad Museum
Tid: lrdag 13. juli 11:00
https://www.setesdalsmuseet.no/