Fredingsmarkering D/S "Bjoren"

  • Hendelse

Fredingsmarkering D/S "Bjoren"

Dato

Laurdag 13. juni 2026

Tidspunkt

kl. 12:00 - 14:30

Stad

Bjoren Brygge

Velkomen til ei høgtideleg og hyggeleg markering av fredinga av den historiske dampbåten D/S «Bjoren»!

Dampbåten Bjoren

Foto: Visit Setesdal

Riksantikvaren inviterer saman med Agder fylkeskommune, Aust-Agder museum og arkiv og Setesdalsmuseet til ei open markering på brygga i Bygland. Arrangementet er ope for alle!

Eit levande kulturminne
«Bjoren» er ein av dei siste vedfyrte dampbåtane i Noreg, og har frakta folk heilt sidan 1867. No blir ho freda – som eit viktig minne om samferdsel, teknologi og liv i Setesdal - og framleis i full bruk.

Program (start kl. 12.00):
– Musikalsk opning ved Kulturpatrulja
– Velkomst ved fylkesordførar Arne Thomassen
– Historia til «Bjoren»
– Møt kapteinen om bord
– Kulturelle innslag
– Overrekking av fredingsdiplom

☕ Etter programmet blir det mingling på bryggja med setesdalssuppe, kaffi og kake.

Det blir også mogleg for publikum å bli med på tur med «Bjoren», og vi legg opp til aktivitetar for barn og familiar.

Ved dårleg vêr blir delar av arrangementet gjennomført i telt.
Kom og bli med på markeringa av eit unikt stykke norsk historie!

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Riksantikvaren

Om staden

Namn

Bjoren Brygge