Førehandsrøysting

Dersom du ikkje har høve til å røyste på valdagen, kan du røyste på førehand.

Vi oppmodar at så mange som råd nyttar høvet til å førehandsrøyste ved valet på grunn av den pågåande pandemien!

Førehandsrøyst i god tid før valdagen

Velgjarar som ønskjer å førehandsrøyste, kan gjere dette frå og med tysdag 10. august til og med fredag 10. september. 

Du kan førehandsrøyste hos oss sjølv om du høyrer til ein annan kommune. Det er veljaren sjølv som har ansvaret for å avgje førehandsrøysta i så god tid i førevegen at den kjem fram til valstyret i heimkommunen i god tid før valdagen 13. september

Kven kan røyste ved Stortingsval?

  • Er du 18 år og norsk statsborgar, kan du røyste ved Stortingsvalet
  • Er du i tvil, sjekk om du står i manntalet som er lagt ut til ettersyn

Stad for førehandsrøysting

Kommunehuset er ope kvar vekedag mellom kl. 10:00 og 14:00. Vi har og førehandsrøysting på Byglandsheimen. På grunn av pandemien, vil det kun vere bebuarar og tilsette ved Byglandsheimen som har høve til å røyste der.

Vi kjem til å ha førehandsrøysting ein laurdag i perioden. Vi kunngjer datoen for dette når vi har datoen klar.

Valkort og legitimasjon

Alle som er aktive digitalt, har fått tilsendt digitalt valkort. Dei som har reservert seg mot digital post, vil få valkortet tilsendt pr. post. 

Du treng ikkje ha med valkortet for å røyste, men det går raskare med røystegjevinga om du har det med.

Hugs å ta med legitimasjon. Du må legge fram legitimasjon om røystemottakar ikkje kjenner deg.