Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
error_outline27. mars kl. 10:18

Informasjon etter møte i kriseleiinga 27.03.20

Kriseleiinga har daglege møte. Nedanfor finn du punkt frå møtet i dag

Les meir clear
error_outline26. mars kl. 10:23

Vakttelefon for barn og unge

Kommunen har ein vakttelefon som er open måndag til torsdag kl. 18:00 - 20:00 for barn og unge som er bekymra og som treng å prate med nokon

Les meir clear
error_outline17. mars kl. 16:02

Koronatelefon

Bygland kommune samarbeider med Evje og Hornnes kommune om "Koronatelefon" Telefonen er bemanna av helsesjukepleiarar, og her kan du som innbyggjar kome med helserelaterte spørsmål i forhold til korona

Les meir clear

Samleside om koronavirus

For å redusere spreiing av koronasmitte har kommunen valt å igongsette ulike tiltak. På denne sida finn du oppdatert informasjon om viruset, samt kva tiltak Bygland kommune gjer for å prøve å redusere belastninga på utsette tenester og funksjonar, og for å skåne menneske i risikogrupper. Vi oppmodar alle til å ta naudsynte forholdsreglar og følgje nasjonale råd og anbefalingar. Desse finn du på denne sida.

Presisering vedk. "Hytteforbodet"

Det har vore ein del spørsmål til administrasjonen om bubilar og campingvogner kan reknast som hytte eller ikkje. Bygland kommune har sendt spørsmålet vidare til Fylkesmannen i Agder, og svaret har kome

Vakttelefon for barn og unge

Kommunen har ein vakttelefon som er open måndag til torsdag kl. 18:00 - 20:00 for barn og unge som er bekymra og som treng å prate med nokon

Verkemidlar for å møte næringslivet sine utfordringar

Agder fylkeskommune og Regionalforvaltning har midlar knytta til bedriftsintern opplæring. Søknadsfristen er 1. april, og dei satsar på rask sakshandsaming slik at midlane kjem bedriftene til gode så raskt som mogleg

Gjenvinningsstasjonar er stengt for private

Som følge av coronaviruset vel Setesdal Miljø & Gjennvinning IKS å innføre tiltak for å forhindre spreiing av dette. Det betyr at inntil vidare blir alle gjenvinningsstasjonane stengt for levering frå private

Kriterie for testing av Covid -19

Folkehelseinstituttet har utarbeidd kriterie for testing og diagnostikk for koronavirus. Bygland kommune v/kommuneoverlegen  følgjer desse kriteria. 

Personar med mildere symptom etter reise treng ikkje kontakte lege. Om dei har behov for akutt helsehjelp, må dei ringe fastlegen eller legavakt på tlf. 116 117 dersom fastlegen ikkje er tilgjengeleg.

Folkehelseinstituttet utarbeider oppdaterte råd i samråd med Helsedirektoratet.

Inntil vidare gjeld følgjande:

Koronatelefon

Bygland kommune samarbeider med Evje og Hornnes kommune om "Koronatelefon" Telefonen er bemanna av helsesjukepleiarar, og her kan du som innbyggjar kome med helserelaterte spørsmål i forhold til korona

Treng du nokon å snakke med?

No som mange av oss er i karantene, vanskeleggjer det mulegheita for sosial omgang. Om det er nokon av innbyggjarane våre som kjenner på at situasjonen blir psykisk vanskeleg, og som difor treng nokon å snakke med, kan du ringe psykisk helse på tlf. nr. 952 15 572

Biblioteket er stengt

I samband med tiltak mot spreiing av Covid-19 viruset, kan vi opplyse om at biblioteket er stengt fram til 26. mars

Hjelp naboen din!

Bygland kommune oppmodar innbyggjarane sine om å ta godt vare på kvarandre no. Om du kjenner nokon som sit aleine heime, og som kanskje treng støtte - det vere seg både praktisk og sosialt, ta ein telefon til vedkomande for å høyre korleis det går og om dei kanskje treng hjelp til noko

Oppdatert informasjon om korona, fredag 13.03.20, kl. 14:00

Oppdaterte tiltak for å redusere koronasmitte i Bygland kommune

I følgje kommuneoverlegen er det per fredag 13.3 klokka 13:30 ikkje stadfesta smittetilfelle i Bygland.  

Kommuneoverlegen oppmodar innbyggjarar i Bygland kommune om å halde seg heime (innafor kommunane Bygland og Evje og Hornnes). Dette for å forhindre smitte. Barn busette i Bygland kan leike med kvarandre som normalt.

Ein oppmodar innbyggjarar som har reist utafor Norden i tida fra 27. februar og som har satt seg sjølv i karantene, å ringe til Bygland kommune for å gi beskjed om dette.
Ring 379 34 700. Bakgrunnen for dette, er at kommuneoverlegen ønskjer å ha oversikt over kven som sit i karantene.

Generell informasjon om Korona på arabisk finn du HER

Informasjon om tannhelsetenesta

Tannklinikkane blir ikkje stengde, men reduserer tilbodet betydeleg. Tannhelsetenesta i Agder avlyser mange planlagde konsultasjonar og behandlingar. Dei som har planlagde timar vil få SMS frå klinikken med avlysing eller bli oppringt med beskjed om avlysing

Stenging av barnehagar og skular i Bygland

Bygland kommune viser til nasjonale føringar. Dette inneber at alle barnehagar og skular i kommunen blir stengt frå og med torsdag 12. mars 2020 kl. 18:00 til og med 26. mars 2020

Rådmannen etablerer kriseleiing

I samband med situasjonen rundt koronaviruset har rådmannen, i samråd med kommuneoverlege og ordførar, bestemt at det skal etablerast kriseleiing. Kriseleiinga skal ha møte i morgon, fredag 13. mars

Helsestasjonstenesta i Bygland

På grunn av smittefare ved Coronavirus og atterhald rundt dette, er helsestasjonstenesta kun open etter avtale. Det er kun avtalar som ein ser på som svært viktige og som hastar, som vil bli gjennomført

Informasjon om avlyste arrangement og aktivitetstilbod

Bygland kommune har avgjort at Bygland symjehall og Byglandshallen er stengt for all aktivitet inntil vidare. 
I tillegg er Spelekvelden på Frivilligsentralen avlyst. Det gjeld og laurdagsklubb og styrketrening, til og med sundag 15. mars
Utstyrssentralen er stengt til og med 15. mars

Informasjon frå Helsedirektoratet

Helsedirektoratet har fått bekymringsmeldingar frå legevaktsentralane om svært stor pågang frå publikum om Korona-smitte. Dette medfører lang svartid til legevakttelefon 116 117, og dette blir vurdert som alvorleg for handtering av telefonar om alvorleg sjukdom eller skade. Nedanfor er informasjon om kva du skal gjere om du trur du er smitta

Bygland legekontor
Sentrum 18
4745 Bygland

T: 37 93 47 30

Telefonnr. legevakt: 116 117