Varsel om igangsetting av detaljregulering for Nesmoen masseuttak i Bygland kommune
Med heimel i Plan- og bygningslovens § 12-8, blir det med dette varsla at AT skog på vegne av grunneigar Eivind Nese, startar arbeid med detaljregulering for masseuttak på gnr./bnr 35/1 i Bygland kommune. Planen har fått PLANID 201801.

Planområdet er på om lag 104 daa og er vist på vedlagte oversiktskart og varslingskart som angir henholdsvis planområdets plassering og avgrensing.

Planområdet ligger på aust sida av Rv 9 på Nesmoen i Bygland kommune, området er i Strandsoneplanen for Byglandsfjorden avsett til område for Råstoffutvinning. Reguleringa er ei vidareføring av eksisterande uttak. Det vart haldt oppstartsmøte med Bygland kommune 11. januar 2018.

Hensikten med planen er å regulere området til masseuttak for fast fjell med dei vurderingar som er naturlege i eit slik formål. Det vil også vurderast utfyllande bruk av området, f.eks deponering av reine masser, mellomlagring av f.eks tømmer til ved/flising, oppsetting av lager bygg, asfaltverk etc. Planarbeidet vil elles fylgje dei føresegner og retningsliner Bygland kommune har utarbeida.

Planarbeidet utløyser ikkje krav om konsekvensutredning.

Eventuelle spørsmål til planarbeidet kan rettes til AT skog v/ Mona Gundersen på tlf 957 94 342 eller ved e-post til mg@atskog.no

Planarbeidet vil starte opp omgåande. Forslag til detaljplan er tenkt oversendt kommunen for behandling i løpet av mai 2018. Kommunen tar stilling til om planforslaget skal leggast ut til offentleg ettersyn.

Synspunkt eller opplysningar som synes å kunne ha betydning for planarbeidet sendes skriftleg til AT-Skog AS, Klokkarhamaren 6, 3870 Fyresdal eller på e-post mg@atskog.no .
Frist for tilbakemeldingar er 12.03.2018

Igangsetting av planarbeidet vil også varslast på kommunens heimeside.

Med hilsen
for AT Skog SA
Mona Gundersen

Heile varslingsbrevet med vedlegg finn du nedanfor.