Rune Larsson er SLT-koordinator i Bygland kommune.

SLT-koordinatoren sørger for at kommunen sine forebyggande ressursar blir samordna mest mogleg effektivt.

SLT handlar om å legge til rette for eit nært og godt samarbeid mellom dei ulike instansar og profesjonar som er involverte i det lokale kriminalitetsforebyggande arbeidet. Eit hovedpoeng med SLT-modellen er at det er forankra i leiinga i både kommunen og politiet. Det er difor den blir kalla samordningsmodell og ikkje ein samarbeidsmodell

Eitt område SLT-koordinatorane i Setesdal arbeider med, er å forebygge radikalisering, hatkriminalitet og valdeleg ekstremisme. Norsk Institutt for Forebygging av radikalisering og voldelig ekstremisme har ei heimeside - Plattform. Der kan du lese meir om dette temaet.