Redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid

Frå 1. mai 2015 blei ordninga med differensiert foreldrebetaling innført i Bygland kommune

Dette medfører at inga hushaldning skal betale meir enn 6 prosent av hushaldninga si samla inntekt for ein barnehageplass.

Hushaldningar med ei samla skattepliktig inntekt lågare enn 500 500 kroner, har rett til redusert foreldrebetaling i barnehagen.
Maksprisen for 2017 er 2 730 kroner per månad, og totalt 30 030 kroner per år.

Foreldre med inntekt under dei nye grensene, må sjølv søke om reduksjon i foreldrebetalinga. Alle vert automatisk belaste for makspris. Får ein godkjent reduksjon i foreldrebetaling, gjeld den nye satsen frå den månaden søknaden er registrert motteken i kommunen.

Gratis kjernetid
3, 4 og 5-åringar og barn med utsett skulestart får gratis kjernetid i barnehagen dersom  hushaldninga har låg inntekt. (Under 428 000 kr).
Her finn du informasjon om foreldrebetaling

Til høgre på denne sida finn du søknadsskjema.

 

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS
Aasmund Lauvdal