Psykisk helse

Psykisk helse og rus-tenesta

Målgruppa er vaksne med psykiske lidingar og rusproblem som ynskjer hjelp og støtte.

Vi kan tilby:

  • Individuelle samtalar
  • Heimebesøk
  • Koordinering av ulike tenester - som ansvarsgruppemøte og samarbeidsmøte
  • Individuell plan for dei som har samansette behov
  • Hjelp til å ivareta eiga helse gjennom følgje til lege, tannlege og andre offentlege tenester
  • Ein gjev og hjelp til oppstart av behandling i spesialisthelsetenesta
  • Hjelp til å meistre det å bu i eigen bustad
  • Støtte og samarbeid med pårørande når brukar ynskjer det

Dagtilbod
Kommunen har eit dagtilbod på torsdagar for menneske med psykiske lidingar, i Grendi. Det er eit lågterskeltilbod som har som målsetting å hjelpe til med å få folk ut av isolasjon. Tilbodet består av sosialt samvær, enkle hobbyaktivitetar, fysisk aktivitet, turar og eit formiddagsmåltid.

Tenesta er gratis, men ein betalar for mat og kaffi.

Transport til dagtilbodet blir avtalt etter behov.

Om ein ynskjer hjelp frå psykisk helse og rustenesta, kan ein søke sjølv, eller bli henvist av spesialisthelsetenesta eller fastlege.

Treng du individuell plan/koordinerte tenester? Ta kontakt med Kjersti Plathe på mobil 957 24 122.
For å lese meir om individuell plan, kan du lese HER

Lenke til søknadsskjema

Tilsette i tenesta er:
Leiar Helse Kjersti Plathe
Tlf: 37 93 47 18
Mobil: 952 15 572
Epost: kjersti.plathe@bygland.kommune.no

Spesialhjelpepleiar Rønnaug Kvaale
Tlf: 37 93 47 49
Mobil: 959 12 920
Epost: ronnaug.kvaale@bygland.kommune.no

Andre telefonnummer:
Tlf. Psykiatribustad: 920 03 565

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS
Aasmund Lauvdal