Informasjon om tenestetilbodet til pleie og omsorg

I Bygland kommune skal alle oppleve eit godt og framtidsretta pleie- og omsorgstilbod, som er i tråd med kva som er pålagt i helse- og omsorgslovgivinga.

Formålet til tenesta er å syte for at alle innbyggarar som har behov for helse- eller omsorgstenester skal få nødvendig og kvalifisert helsehjelp som pleie, omsorg og praktisk bistand. Vi ønskjer å gje alle våre brukarar og pasientar eit så godt og individuelt tilpassa tilbod som mogleg, og vi satsar særleg på kor viktig det er med god ernæring og eit variert tilbod om fysisk trening og sansestimulering til dei som treng og ønskjer det.

Kommunen har eit tenestetilbod som er bygd opp etter konseptet om «beste effektive omsorgsnivå» (BEON). Dette konseptet kan illustrerast som ei trapp – «omsorgstrappa»:

Pleie- og omsorgstrengjande i Bygland kommune skal gjennom god oppfølging og kvardagsrehabilitering gjevast høve til å leve i sin eigen heim så lenge som mogleg. For å få til dette har vi etablert gode og varierte tenestetilbod som skal kunne dekke dei fleste behov.  «Omsorgstrappa» gir ei god oversikt over vårt samla tenestetilbod, og prinsippet er at innbyggarar med ulike behov får tilbod om tenester ut frå kva slags behov dei har – det beste effektive omsorgsnivået (BEON).

I Bygland kommune har vi tenestetilbod på alle «trappetrinn». Det finst fleire gode førebyggande tiltak i kommunen, og vi har eiget seniorsenter på Byglandsfjord som har opent kvar måndag. Kommunen har eit framifrå system innan velferdsteknologi (kanskje eit av dei beste systema som finst i Noreg i dag…). På onsdagar er det open dag (dagaktivitetstilbod) på Byglandsheimen. Både seniorsenteret og dagaktivitetstilboda våre tilbyr sosialt samvær med mat, ulike aktivitetar, og underhaldning av ulike slag. Vi har eit tett og godt samarbeid med Frivilligsentralen i kommunen, og kan blant anna organisere køyring til og frå dei ulike aktivitetane.

Avdelinga for open omsorg har tett oppfølging med alle brukarar som er heimebuande, og tilbyr både heimehjelpstenester og helsetenester i heile kommunen ut frå behov.

Byglandsheimen er kommunens sjukeheim og har kapasitet på 12 langtidsplassar (sjukeheimsplassar) og 4 plassar til korttid/rehabilitering og avlastning. Bebuarane får fast legevisitt 1 dag i veka, og elles ved behov. Bygland kommune har 8 omsorgsbustadar som ligg på Byglandsheimen. Dette er bustadar som har stue, kjøkken, soverom og eige bad. I tillegg har vi 2 bufellesskap - eitt bufellesskap for eldre og eitt for demente som er lokalisert til Byglandsheimen. Kvar bufellesskapsplass består av opphaldsrom med eige bad. Bebuarane har felles stue og kjøkken, samt utgang til eigen terrasse og hage. Byglandsheimen har eige kjøkken med matombringing til innbyggarar som ønskjer det.

Bygland kommune har 8 aldersbustadar, 4 ligg på Bygland og 4 på Byglandsfjord. Dette er kommunale bustadar som er øyremerka eldre innbyggarar som har behov for ein praktisk og tilrettelagt bustad.

På Byglandsfjord er kommunen si habiliteringsteneste lokalisert.  Tenesta gir  tilbod til brukarar med psykisk utviklingshemming, og har eit nybygd og nyoppussa bufellesskap rundt eit flott tun. Kvar bustad har stue, kjøkken, soverom og eige bad. I bustadane får brukarane tilsyn og naudsynt hjelp til å klare dagens gjeremål.

Høyrsel-/syn-/hukommelseskontakt

Bygland kommune har eigen kontaktperson for alle innbyggarar som har problem relatert til høyrsel og syn. I tillegg har kontakten ansvar for innbyggarar med hukommelsesrelaterte utfordringar. Om det er noko ein lurar på, er det berre å ta kontakt med vår kontakt på området.

Søknad om tenester
Søknad om tenester sendast til «Bygland kommune, Sentrum 18, 4745 Bygland». Søknadsskjema finn du under "Tilknytta elementer" eller HER.

Kontaktinformasjon pleie og omsorg

Tenesteleiar pleie og omsorg

Kåre Einar Larsen

Tlf.: 37 93 47 85

kare.larsen@bygland.kommune.no

Avdelingsleiar Byglandsheimen

Anne Vegusdal

Tlf.: 37 93 47 89

anne.vegusdal@bygland.kommune.no

Avdelingsleiar open omsorg

Camilla Verdal

Tlf.: 37 93 47 83

camilla.verdal@bygland.kommune.no

Avdelingsleiar habiliteringstenesta

Arild Bentsen

Tlf.: 41 48 27 53

arild.bentsen@bygland.kommune.no

Byglandsheimen

Vaktrom

Tlf.: 37 93 47 86

Open omsorg

Vakttelefon 1

Vakttelefon 2

Vakttelefon 3

Tlf.: 95 23 46 32

Tlf.: 97 15 41 82

Tlf.: 97 79 91 82

Habiliteringstenesta - Byglandsfjord

Vakttelefon

Tlf.: 94 50 26 09

Høyrsel-/Syn-/ hukommelseskontakt

Anne Elisabeth Fjose

Tlf.: 95 23 92 40

anne.elisabeth.fjose@bygland.kommune.no