Oversikt over talet på ledige tomter:

Kriterie for tildeling:

1. Bustadtomtene som blir gitt bort må ligge på areal avsett til bustadføremål i gjeldande reguleringsplanar. 

2. Tomtene blir gitt bort fortløpande etter skriftlig søknad jf. «førstemann til mølla prinsippet». Det blir kun gitt ei tomt til kvar kjøpar til denne prisen. 

3. Tomtene kan ikkje nyttast til andre føremål enn bustad, og utbygginga på tomta må vere i tråd med rammene i reguleringsplanen tomtene ligg i. Mellom anna kan ikkje tomtene utvidast eller utnyttast til andre, eller utvida føremål utover bustadføremålet.

4. Ligg tilhøva til rette i reguleringsplanen, så kan det setjast opp bustad med fleire bueiningar.

5. Det er bare sjølve tomta som er kostnadsfri. Alle kostnadar for å få tomta byggeklar må dekkjast av den som får tomta. T.d. Kostnadar med kart– og oppmålingsforretning, grunnarbeid, påkoplingsavgifter, tinglysing, dokumentavgift m.v.

6. Prosessen med bygging av bustad må vere starta innan 1 år etter at tomta er tinglyst på ny eigar. 

7. Det er eit vilkår at bustadhus skal vere bygd på tomta innan tre år frå tomtesalet. Er ikkje dette gjort har Bygland kommune rett til å kjøpe tomta attende for same prisen den vart seld for.

  • Prosessen med bygging av bustad vert rekna frå den dagen det er levert komplett byggesøknad til kommunen. 
  • Tida på byggeprosessen og byggearbeidet blir sett etter plan– og bygningslova sine reglar for tidsfristar i byggesaker. Desse fristane blir konkretisert i rådmannen sitt vedtak om tildeling av tomt. 

8. Tildelt tomt kan ikkje vidareseljast. Dersom ein likevel ikkje ønsker, eller ikkje kan utnytte tomta innan gitte vilkår, skal tomta vederlagsfritt tilbakeførast Bygland kommune. Bygland kommune tek første kontakten med tomteeigar dersom vilkåra blir vurdert til ikkje å vere innfridde. Utgifter som tomteeigaren har hatt  blir ikkje tilbakebetalte. 

Det bes om at dykk kontaktar kommunen viss dykk ønskjer å sjå reguleringsplanane for dei aktuelle tomteområda.


For interesserte, ta kontakt med: 
Knut Olav Forgard, stabsleiar økonomi og næring
Telefon: 37 93 47 04/41 66 83 08
E-post: knut.forgard@bygland.kommune.no