Innsynsrett i offentlege dokument

Du har rett til å kreve innsyn i offentlege dokument, journalar og liknande register. Alle saksdokument i Bygland kommune er offentleg om ein ikkje kan gjere unntak som er heimla i lov. Sjølv om eit dokument kan unnatakast frå offetlegheit, skal kommunen vurdere om dokumentet likevel bør kunne gjerast kjent heilt eller delvis. (Meirinnsyn).

Eit dokument er ikkje bare papirbasert informasjon, men i prinsippet all lagra informasjon. Du har likevel bare innsyn i databasar om informasjonen kan søkjast opp på ein enkel måte.

Kommunen kan nekte deg innsyn i interne dokument, men som hovudregel skal du likevel få innsyn i:

  • Saksliste eller saksdokument til kommunestyre eller anna kommunalt folkevald organ
  • Dokument til/frå kommunen sitt kontrollutval, klagenemnd eller kommunal revisjon
  • Dokument til/frå einingar i administrasjonen som har sjølvstendig avgjersle for saka dokumentet gjeld

Kriterie/vilkår
Om du krev innsyn i saksdokument, må kravet gjelde ei bestemt sak, eller i rimeleg omfang saker av ein bestemt art.

Pris for tenesta
Kommunen kan kreve betaling for utskrifter, kopiar og utsending når talet på sider går over 100 i ei sak. Då kan me kreve ei krone pr ark (utover 100 ark) og betaling for porto. For høgkvalitetskopiar gjeld det eigne reglar.

Rettleiing på tinging av dokument
Bygland kommune har postliste på nett. Postlista er ei liste over inngåande og utgåande dokument. Her finn du overskrifta på saka og dokumentet i tillegg til namnet på avsendar eller mottakar av dokumentet (brevet). Når du har funne fram til eit dokument du vil bestille, kan du kreve innsyn skriftleg eller munnleg. Du kan enkelt tinge dokument direkte frå postlista. Alternativt kan du sende ei innsynsbegjæring til post@bygland.kommune.no, eller ringe på tlf 37 93 47 00.

Sakshandsamingstid
Krav om innsyn skal avgjerast så raskt som muleg, dvs vanlegvis same dag, eller innan 1 - 3 arbeidsdagar. Om du ikkje har motteke svar innan 5 arbeidsdagar frå kommunen mottok kravet ditt, kan du rekne det som eit avslag.

Mulegheit for klage
Om du får avslag på innsynskravet ditt, skal kommunen vise til den lovheimelen som er grunnlaget for avslag. Kommunen skal og opplyse om høve til klage og klagefristen. Fylkesmannen er klageinstans, men klaga skal sendast til kommunen. Du har og klagerett om du ikkje har fått svar innan fem arbeidsdagar etter at kommunen har motteke kravet. Klaga skal avgjerast så snart som muleg. I tilknyting til klagehandsaminga kan Fylkesmannen avgjere at dokumentet skal gjerast kjent heilt eller delvis etter regelen om meirinnsyn
 

 

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS
Aasmund Lauvdal