NAV trygd, NAV arbeid og sosialtenesta i kommunen blei frå 2009 samla til ei eining - NAV Bygland. Kontoret blei etablert og drifta av Staten og Bygland kommune som likeverdige partar med basis i ein samarbeids- og partnerskapsavtale.

Opningstid for dei med timeavtale: Måndag - fredag kl. 09:00 - 15:00
Opningstid utan timeavtale: Måndag, tysdag og fredag kl 12:00 - 14:00

NAV-kontoret gjer dette for å effektivisere ei kjernetid i kontoret. Vi oppmodar alle som ynskjer samtale med ein rettleiar, om å bestille time.
For ordinær ekspedering er det ikkje naudsynt å bestille time. NAV-kontoret presiserer at om opningstida er til kl 15:00, er det ingen ting i vegen for å gjere avtalar ut over dette tidspunktet.

NAV sine statlege oppgåver:

  • Pensjon
  • Arbeidsavklaringspengar
  • Dagpengar
  • Sjukepengar
  • Pleiepengar
  • Foreldrepengar og svangerskapspengar
  • Anna

For meir informasjon om dei statlege tenestene, sjå heimesidene til NAV

NAV sine kommunale oppgåver:

  • Sosialhjelp (økonomisk stønad)
  • Økonomisk rådgjeving/gjeldsrådgjeving
  • Kvalifiseringsstønad
  • Bustønad, bustadlån og tilskot frå Husbanken

Når det gjeld refusjon for reiseutgifter i samband med sjuketransport, må du kontakte HELFO

Retningsliner for startlån

Økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving

Informasjon om 800Gjeld:
800Gjeld kan bidra med å ta unna saker som ikkje krev personleg oppmøte, men der dei kan motivere personar til å ta tak i sin eigen situasjon. Målet er å nå ut til flest mogleg som har økonomiske bekymringar/problem, før det går så langt at ein mistar kontrollen. 800Gjeld er eit supplement til kommunane si gjeldsrådgjevingsteneste.

Opningstid: Kvardagar kl 09:00 - 15:00
Telefonnummeret: 800 45 353, som svarar til 800G-J-E-L-D på telefontastaturet
Det er gratis for brukaren frå fasttelefon, og brukarar som ringar frå mobiltelefon får tilbod om å bli oppringt.

Lenke til 800Gjeld