Natur-/miljøbaser

Miljødirektoratet sin naturbase

Naturbase gir deg kartfesta informasjon om utvalde natur- og friluftslivsområde. Kartet er nyttig for mellom anna kommunale planleggjarar, konsulentar, grunneigarar og lokalt reiseliv. Du kan og skreddarsy ditt eige turkart.

Miljødirektoratet sin Vassdragsatlas

Vassdragsatlas er eit verkty som gjev deg kartfesta informasjon om vassdragsrelaterte tema som t.d. vasskraft, vassmiljø, vassrelaterte naturtypar og raudlista ferskvassartar. Tenesta inneheld også ein heil del anna informasjon av betyding i vassdragssaker som villrein, verneområde flomsoner og friluftsliv.

NGU

NGU byggjer og held ved like fleire nasjonale databaser som omfattar aktuell informasjon om Noreg sin berggrunn, lausmasser, mineralske ressursar og grunnvatn. I tillegg er det kart som syner radonførekomstar, aktsemdsområde for snø- og steinskred og kvikkleireførekomstar.

 

Eksterne lenker

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS
Aasmund Lauvdal