Stillinga er for tida tilhøyrande i eining for pleie og omsorg, habiliteringstenesta, og arbeidsstaden er på Byglandsfjord.

Vernepleiarstudentar som avsluttar utdanninga våren 2018 kan søkje. Eventuell tilsetjing skjer med føresetnad om at ein får autorisasjon som vernepleiar.

Arbeidsoppgåver:

  • Vernepleiefagleg ansvar for heimebuande brukarar
  • Fagleiar ved avdelinga
  • Bidra med kompetansehevande kollegarettleiing, undervisning og rettleiing av anna personale, brukarar, pårørande og evt andre som har behov for det
  • Bidra til godt arbeidsmiljø
  • Utøvande arbeid i forhold til brukarar, pårørande, legar, sjukehus og andre samarbeidspartnarar
  • Arbeide målretta innan kvalitet og fag

Kvalifikasjonar:

  • Autorisert vernepleiar
  • Må beherske norsk munnleg og skriftleg på eit fagleg forsvarleg nivå - minimum bestått B2 norsktest
  • Sertifikat klasse B
  • Politiattest i høve til helsepersonellova sin §20a
  • God kjennskap til bruk av IKT

Eigenskapar:

  • Personleg eignaheit
  • Evne og vilje til å bidra til eit fagleg godt brukartilbod
  • Gode samarbeidsevner, er lojal, sjølvstendig og målbevisst
  • Utviklingsorientert, analytisk, ryddig, resultatorientert og kvalitetsbevisst

Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr:

  • Fast tilsetjing som vernepleiar med lønsvilkår i tråd med sentral tariffavtale
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver innan fagfeltet
  • Arbeid med fokus på forbetring, kvalitet og brukarvegleiing
  • Eit stimulerande og godt arbeidsmiljø med gode utviklingsmoglegheiter
  • God påverknad på eigen turnus/arbeidsplan
  • Avtale om inkluderande arbeidsliv (IA)
  • Bedriftsavtale med Sørlandsparken tverrfagleg helse
  • Medlemskap i KLP
  • Vilkår elles i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og regulativ

For utfyllande opplysningar kan du kontakte:

- Tenesteleiar Kåre Einar Skaiå Larsen, epost: kare.larsen@bygland.kommune.no, mobil: 905 85 268.
- Avdelingsleiar Arild Bentsen, epost: arild.bentsen@bygland.kommune.no, mobil: 414 82 753.

Framgangsmåte:

  • Kommunen brukar elektronisk søknadsskjema. Du finn søknadsskjema HER.

Søknadsfrist: 21.5.18

Om arbeidsgjevaren
Bygland kommune ligg sentralt plassert i den vakre naturen i Setesdal, 9 mil frå Kristiansand og 3 mil frå Evje. Kommunen har i overkant av 1200 innbyggarar. Kommunen har godt utbygd skuleverk og full barnehagedekning. Det finns og byggeklare tomter i kommunen. Det er gode moglegheiter for friluftsliv med lett åtkomst til fjell og den fantastiske Byglandsfjorden.

Pleie- og omsorgseininga i Bygland kommune er for tida organisert med 3 avdelingar: Byglandsheimen (sjukeheim/bu- og omsorgssenter), open omsorg (heimesjukepleie) og habiliteringsteneste for psykisk utviklingshemma. I tillegg er det ein støttefunksjon som består av eitt kjøkken-team og eitt reinhalds-team. Det er tilsaman omslag 70 fast tilsette i eininga.

Vi set pasient og brukar i sentrum, og arbeider målretta for å utvikle oss kontinuerleg innan dei respektive fagområda. Vi har eit godt og utviklande arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåvene er varierte, givande og til tider utfordrande. Eininga har Visma Profil som elektronisk pasientjournalsystem (EPJ) og Visma ressursstyring (Notus) som turnusplansystem. Bygland kommune har Compilo som sitt kvalitetsstyringssystem.