Det er eit krav frå Kulturdepartementet om at alle kommunane må ha ein tematisk kommunedelplan som grunnlag for løyving av spelemidlar til idretts-, nærmiljø og friluftsanlegg. Kommunedelplanen vart vedteke i 2015. 

Heile planen rullerast kvart 4 år, men handlingsdelen skal rullerast kvart år.

Det er viktig og sørgje for medverknad i planprosessen. Kommunen ber difor lag og organisasjonar som har planar om å søkje om spelemidlar for 2018 om å opplyse kommunen skriftleg om dette.  

Det er ikkje mogleg å søkje om spelemidlar, dersom ikkje prosjektet er med på denne planen.

Fristen for skriftleg innspel er 23 Oktober. Innspel kan sendast til: Bygland kommune, Sentrum 18, 4745 Bygland eller på epost: post@bygland.kommune.no
Merk sak: Innspel til rullering av IFK plan.

Merk at dersom du skal søkje om spelemidlar for 2018, gjer du dette elektronisk på Idrettsanlegg.no.  Søknaden må vere sendt innan 01 November 2017.
Spørsmål kan rettast til:   Anne Fauske, Tlf: 954 10 770, epost:anne.fauske@bygland.kommune.no.