Bygland kommune 4745 Bygland Telefon: 37 93 47 00 Telefaks: 37 93 47 01 Åpningstid: 09:00-15:30 E-post |
Kommunevåpnet for Bygland på er:
PÅ GRØN GRUNN EI OPPSPRNGANDE GULL GAUPE
Kommunen nyttar kommunevåpnet «med bevæpring» det vil seie at ein let klør, augo og tenner vere kvite (sølv) og tunga raud. Motivvalet har føljande grunngjeving: Den grøne fargen symboliserar at kommunen er ein landbrukskommune med store skog og heividder. Jord- og skogbruk er dei viktigste næringsvegane i kommunen. Gaupa er knytta til skogkledde, storkupert landskap med bratte liar som strekkjer seg opp mot høgfjellet. Bygland er første kommunen i sjølve Setesdal når ein kjem nordover frå kysten. Her møter ein bratte skogkledde fjellsider som har gjeve livsvilkår for kanskje den sørlegaste reproduserande gaupestamma i landet. Gaupestamma i Bygland har vore mykje framme i media då det har vore gjennomført fangst av levande gaupe som eit ledd i eit forskningsprogram.
Kommunen ser det såleis at gaupa symboliserar «porten» mellom reint jord- og skogbrukslanskap i låglandet til eit «villare» og meir fjellrikt landskap. Den oppspringande profilen kan vere med å understreke det bratte landskapet som er typisk leveområde for gaupa.
