Bygland kommune 4745 Bygland Telefon: 37 93 47 00 Telefaks: 37 93 47 01 Åpningstid: 09:00-15:30 E-post |
Politisk
Kommunestyret i Bygland har 15 representantar. Ordførar Knut A. Austad er frå Senterpartiet som har 4 representantar. Største partiet er Bygland Bygdeliste med 5 representantar, medan Arbeidarpartiet - som har varaordførar Eli Tomine Moe - Krf og felleslista til Høgre og Venstre alle har to representantar.
Vi har tre hovedutval:
- Formannskapet er kommunen sitt økonomiutval og steller også med interkommunalt samarbeid, næringssaker, kultursaker og saker som ikkje er lagt til eit anna utval. Formannskapet har fem medlemmer: Ordførar Knut A. Austad (Sp), varaordførar Eli Tomine Moe (Ap), Sigbjørn Horverak (Krf) Terje Greibesland (BB) og Oskar Roel (BB).
- Plan og ressursutvalet har ansvar for plan og utvikling, landbrukssaker, miljø- og naturvern, delingssaker og motorisert ferdsle i utmark. Utvalet er leia av Heming F. Hansen (Sp), elles er Stig Berge (BB) Anne Eikerapen (H/V) Ann-Cecilie Andersen Attestog og Fredrik Langfeldt (Sp)
- Utviklingsutvalet arbeider med "Bygland Best å Bu i", utvikling av Prestenestet / prestegardsområdet og andre utviklingsretta tiltak. Leiar for utvalet er Knut På Bø (BB) som har med seg Lisbeth Ljosdal Skreland (Sp), Ommund Tveit (Krf), Thor Vestøl (Ap) og Olav Grunde Lauvdal (H/V).
Sakspapir til møta og møtebøker finn du her: møteinnkallingar og møtebøker.
Delegert til administrasjonen
Alle saker - som ikkje er prinsippielle, krev budsjettendringar eller der det er lovfesta politisk handsaming - er delegert til rådmannen. Det tyder at administrasjonen gjer vedtak i desse sakene.
