Bygland kommune 4745 Bygland Telefon: 37 93 47 00 Telefaks: 37 93 47 01 Åpningstid: 09:00-15:30 E-post |
Bygland kommune har ledige bustadtomter for sal i kommunale bustadfelt. Ved interesse for kjøp av bustadtomt, kontakt teknisk drift.
FLOTTE BUSTADTOMTER PÅ BYGLANDSFJORD
Bygland kommune legg no ut 9 flotte bustadtomter, i nytt bustadfelt på Byglandsfjord, for sal. Tomtene er solrike fjelltomter med utsikt over Byglandsfjorden / Byglandsfjord
Kort avstand til skule, barnehage og butikk. Pris 350 000,- for tomtene 2,3,4,7,8 og 9, og 450 000,- for tomtene 1,5 og 6. I tillegg kjem påkoplingsavgifter, oppmåling og tinglysning.
Tomtene har ein storleik frå 880 m2 til 1940 m2
Dersom du ønskjer å kjøpe tomt må du melde dette skrifteleg (brev eller e-post) til Bygland kommune innan 20. aug. 2009. Du kan sette opp inntil 3 tomter i prioritert rekkjefølgje.
Dersom 2 eller fleire ønskjer same tomt vert det loddtrekning.
Saksprotokoll i Kommunestyret - 19.02.2009
Vedtak:
Tomtene i bustadfeltet vert delt inn i 2 grupper med følgjande priser:
A) Tomt 1, 5 og 6: kr 450.000,-
B) Tomt 2, 3, 4, 7, 8 og 9: kr 350.000,-
Det vert nytta dei tildelingsprinsipp som går fram av saksframstillinga.
Den kommunale eigenandelen på om lag kr 1.217.000,- vert finansiert med bruk av næringsfondet. (fellestiltak)
Vi har også ledig tomter andre stader i kommunen:
Byglandsfjord
Kommunen har ledige tomter i bustadfeltet Vassendfeltet 2.
Bygland
Kommunen har ledige tomter i bustadfeltet Prestlidi 2.
Austad
Kommunen har ledige tomter i bustadfeltet "Austad"
