Forsiden
HOVEDSIDE blank TELEFON OG EPOST blank POSTLISTER blank POLITISK blank SKJEMA blank

  Bygland kommune
  4745 Bygland
  Telefon: 37 93 47 00
  Telefaks: 37 93 47 01
  Åpningstid: 09:00-15:30
  E-post
Oppmåling, deling


Lovheimel

Deling av ein eigedom skjer med heimel i Plan - og bygningsloven ( Pbl ) § 63.

I tillegg er det krav om at ei byggetomt skal ha sikra lovleg tilkomst til veg, dette i form av veg som er open for allmen ferdsel eller gjennom annen avtale som sikrar lovleg tilkomst ; Pbl § 66.


Korleis er saksgangen?
  
1. Søkaren ( Grunneigar ) fyller ut og sender søknad, på serskilt skjema, til Bygland kommune, teknisk etat.
Vedlegg som skal fylgje med søknaden: Nabovarsel til grunneigarar som grenser inn til omsøkte delingsareal, kartutsnitt som visar kva som ønskes utskilt.

2. Søknaden blir handsama på teknisk etat og i teknisk utval. Sakshandsamartida varierer utifrå årstid, arbeidsmengde og politisk møteplan.

3. Etter at eit vedtak er fatta får involverte partar melding om vedtaket, med ein klagefrist på tre veker.

4. Viss søknaden blei godkjent, blir partane innkalla til kartforretning, av kommunen. På kartforretninga blir partane einige om kor grensene til den nye eigedommen skal gå, og det blir sett ut grensemerkar i marka.

5. Kommunen måler opp og berekner areal på den nye eigedommen. Kommunen lager, og sørgjer for å tinglyse eit målebrev over eigedommen. Kommunen sender rekning på oppmålings - og tinglysingsgebyr
NB!! Oppmåling - og tinglysingsgebyr må vere betalt før målebrevet blir sendt til tinglysing.

6. Tinglyst målebrev vert sendt til rekvirent. Den nye eigedommen er da registrert med eiget Gnr. Bnr. og evt. Fnr. i det sentrale GAB-registeret, men den har ikkje skifta eigar. Det enda "seljaren" som er eigar i alle offentlege register. Kjøpar og seljar må sjølv sørgje for at eigedommen bli overført til ny eigar.
   
  
Alle nødvendige skjema for søknaden kan ein få ved henvendelse på Teknisk etat.


Sist endret: 22.12.2003 - Endret av: Åse



Feil, mangler, kommentarer og spørsmål kan meldes her.
Ansvarlig redaktør: Trine Pettersen Grønbech - Redaktør: Leiv Rygg.
Teknisk ansvarlig og design: Knut Olav Frøysnes, Nettkroken AS.
Bilder og grafikk: Copyright © Bygland kommune og Nettkroken AS.