Bygland kommune 4745 Bygland Telefon: 37 93 47 00 Telefaks: 37 93 47 01 Åpningstid: 09:00-15:30 E-post |
|
Postadresse: |
Telefaks: 37 93 47 01 |
|
Besøksadresse: |
Generell e-post: |
|
Namn: Sidsel Skadberg |
Tittel: Barnevernskurator |
Telefon: 37 93 47 48 |
Barneverntenesta
Består av leiar og barnevernskurator.
På dagtid treffer du oss på telefon 37 93 47 48 / 37 93 47 00. Dersom vi ikkje er til stades, kan tenestetorget legge beskjed til sakshandsamar, som tek kontakt. Barnevernet kan kontaktast på telefon eller pr. brev. Alle som kontaktar oss vil i fyrste omgang få tilbod om ein snarleg samtale.
Barn
Barneverntenesta sitt ansvarsområde:
Lov om barneverntenester har som formål
- å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid
- å bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår
- Lov om barneverntenester omfattar:
- gi råd og rettleiing
- treffe vedtak etter lova
- forberede saker til behandling i fylkesnemda
- iverksette og følgje opp vedtak
Foreldre kan sjølv kontakte barnevernet:
Det kan være i forhold til bekymringer eller vanskar som du/de opplever i forhold til barnet/ungdommen din/dykkar. Det kan og være at du/de har problem eller vanskar som går ut over barna.
Ungdom /barn kan sjølv kontakte barnevernet:
Har du problem/vanskar/konfliktar i forhold til foreldre/føresette ,skulen ,venner eller i forhold til deg sjølv .Det kan være problem knytt til rus, kriminalitet eller at du har blitt utsett for fysiske, psykiske eller seksuelle overgrep.
Er du som familie, nabo, venn i tvil om eit barn har det bra heime eller der det bur, kan du kontakte barnevernet. Ønskjer du å være anonym er det høve til det.
Personar med yrkesmessig teieplikt har plikt til å melde frå til barnevernet dersom det er grunn til mistanke om alvorleg omsorgsvikt, og/eller store åtferdsavvik.
Barnevernet undersøkjer og vurderer om barnet/ungdommen og/eller familien treng hjelp
Vi undersøker gjennom samarbeid med dei det gjeld ved samtalar i heimen og på kontoret.
Vi innhentar nødvendig informasjon i hovudsak etter samtykke frå føresatte og/eller ungdom over 15 år.
Det kan være aktuelt å innhente informasjon frå andre som kjenner barnet/ungdommen og familien.
Ei undersøking skal vanlegvis ikkje ta meir enn 3 månader.
Etter ei undersøking vil vi enten avslutte eller foreslå hjelpetiltak.
Dei henvendelsane som ikkje omfattast av Lov om barneverntenester, kan etter ønskje bli henvist til andre hjelpeinstansar i kommune eller stat, for eksempel helsesøster i kommunen eller familievernkontoret.
Hjelpetiltak
Barn/ungdom skal bu heime så sant det er mogeleg. Når vi set inn hjelpetiltak er det for å betre situasjonen i heimen.
Hjelpetiltak kan være:
- råd og veiledning
- støttekontakt
- besøksheim
- miljøarbeidar i heimen
- Tff - foredreveiledningsprogram.
- Tiltak frå det statlege barnevernet, Bufetat
Omsorgstiltak
Kan barnet/ungdommen ikkje bu heime for kortare eller lengre tid vil vi finne plass i fosterheim eller institusjon . Ei slik plassering skjer enten etter foreldra sitt samtykke,
eller etter vedtak frå fylkesnemda (med eller utan foreldra sitt samtykke)."
--------------------------------------------------------------------------------
Adopsjon
Barnevernstenesta er tillagt oppgåver knytta til adopsjon.
Dette gjeld:
- Behandling av søknader
- Utarbeide rapportar
- Gje tilråding i saka, som blir oversendt staten for endeleg avgjersle
--------------------------------------------------------------------------------
Barneverntenesta sender søknadsskjema og anna informasjon ved forespørsel.
--------------------------------------------------------------------------------
Nyttige telefonnr.:
Alarmsentral for barn og unge - tlf 116 111
Telefontid: kvar dag frå kl 15:00 til 08:00.
Nyttige nettstader:
Link til det Bufetat ( det statlige barnevernet)
MORILD en side for deg som har ei mor eller far med psykiske problem.
