Forsiden
HOVEDSIDE blank TELEFON OG EPOST blank POSTLISTER blank POLITISK blank SKJEMA blank

  Bygland kommune
  4745 Bygland
  Telefon: 37 93 47 00
  Telefaks: 37 93 47 01
  Åpningstid: 09:00-15:30
  E-post
Serviceerklæring Psykisk Helse

Formål:

Tenesta skal gje hjelp til å få ei betre psykisk helse. Den skal motivere og gje hjelp til å meistre eige liv og daglege utfordringar.

Kven kan få tenesta:

Alle som bur eller oppheld seg i Bygland kommune, er over 18 år og:

  • har ei sviktande psykisk helse og/eller opplever ein livskrise
  • strever med dagliglivet i forhold til familie, nettverk, sosial tilknyting, rus eller anna.

Helsestasjonen gjev tilbod til born og unge under 18 år som treng oppfølging på grunn av si psykiske helse.

Kva omfattar tenesta:

  • Individuelle samtalar.
  • Heimebesøk.
  • Koordinering av ulike tenester, som ansvarsgruppemøte og samarbeidsmøte.
  • Individuell plan for dei som har samansette behov.
  • Hjelp til å ivareta eiga helse gjennom følgje til lege, tannlege og andre offentlege tenester. Ein gjev og hjelp til oppstart av behandling i spesialisthelsetenesta.
  • Hjelp til å meistre det å bu i eigen bustad.
  • Støtte og samarbeid med pårørande når brukar ynskjer det
  • Dagtilbod to dagar i veka med transport for dei som treng det.

Avgrensingar:

  • Rein heimehjelpsteneste
  • Hjelpa blir bare gjeve på dagtid
  • Medisinering, hjelp til medisinering kan ein få ved søknad til heimesjukepleia i kommunen.

Dette kan du forvente av personalet:

  • Du skal bli møtt med respekt og vennlegheit
  • Vi skal lytte til behova dine
  • Vi skal tilby og halde faste avtalar når hjelpa skal bli gjeve
  • Vi har teieplikt
  • Vi har ikkje lov til å ta i mot personlege gåver

Kva vi forventar av deg:

  • At du gjev beskjed om du er forhindra til ein avtale
  • Den enkelte tenesteytar blir møtt med respekt.

Korleis få tenesta:

Brukar skal rette skriftleg eller munnleg søknad til : Bygland kommune, Psykisk helse 4745 Bygland tlf. 37 93 47 00

  • Sjukehus, fastlege eller andre institusjonar kan søke, men med brukar sitt samtykke. 
  • Innan 1 veke skal søkar få stadfesta at søknaden er motteke
  • Ved behov vil sakshandsamar foreta ytterligare innhenting av opplysningar for å kunne handsama søknaden.
  • Søknaden vert handsama av fagleiar for psykisk helse.
  • Søker får svar på søknaden innan 3 veker i form av vedtak.

 Lovgrunnlag:

Tenesta vert tildelt etter kommunehelsetenesteloven.

http://www.helsedirektoratet.no/loverogregler/lover/kommunehelsetjenesteloven__17293

Dagtilbod vert tildela etter sosialtenesteloven

http://www.helsedirektoratet.no/loverogregler/lover/sosialtjenesteloven__1729

For meir informasjon, kontakt:

Fagleiar for psykisk helse, Kjersti Plathe, tlf. 37 93 47 00


Sist endret: 07.09.2009 - Endret av: Leiv Rygg



Feil, mangler, kommentarer og spørsmål kan meldes her.
Ansvarlig redaktør: Trine Pettersen Grønbech - Redaktør: Leiv Rygg.
Teknisk ansvarlig og design: Knut Olav Frøysnes, Nettkroken AS.
Bilder og grafikk: Copyright © Bygland kommune og Nettkroken AS.