Forsiden
HOVEDSIDE blank TELEFON OG EPOST blank POSTLISTER blank POLITISK blank SKJEMA blank

  Bygland kommune
  4745 Bygland
  Telefon: 37 93 47 00
  Telefaks: 37 93 47 01
  Åpningstid: 09:00-15:30
  E-post
Serviceerklæring Individuell Plan

Formålet med tenesta

Ein individuell plan skal bidra til større tryggleik og forutsigbarhet, avklare ansvarsforhold og sikre samordning av tenester.

Kven kan få tenesta?

Innbyggjarar i Bygland kommune som har behov for langvarige, samansette og koordinerte tenester.

Kva tenesta omfattar

Planen skal omfatte alle tenester ein person har behov for, sikre koordinering og samarbeid mellom fagpersonar som skal bidra, og med brukar og brukar sin familie.

Korleis får ein tenesta?

Skriftleg eller muntleg søknad kan rettast til: Bygland kommune, eining for pleie- og omsorg, 4745 Bygland, tlf 37 93 47 80.

  • Sjukehus eller andre institusjonar kan søke når brukaren har gjeve samtykke til det.
  • Innan ei veke skal søkjaren få stadfesta at søknaden er motteke.
  • Når det er naudsynt blir det gjennomført eit vurderingsbesøk for å kartleggje behovet innan fire veker.
  • Søknaden vert handsama av ansvarleg leiar
  • Søkjar skal få svar på søknaden innan 4 veker.

Kva kan du vente av tenesta?

Det vert oppnemnd ein koordinator som har ansvar for utarbeiding og oppfølging av individuell plan. Koordinator er brukar sin kontaktperson uansett type teneste.

Kva vi ventar av deg for å gje tenesta

Individuell plan skal bli utarbeidd i samarbeid med brukar og krev:

  • Aktiv medverknad av brukar
  • Oppfølging av tiltak i planen

Lovgrunnlag

Lov om pasientrettigheter (pasientrettighetsloven) § 2-5

Pris

Individuell plan er gratis

For ytterlegare informasjon, kontakt:

Tenesteleiar Wenche Tove Sjurseth, tlf 37 93 47 00


Sist endret: 27.03.2009 - Endret av: Valborg Attestog



Feil, mangler, kommentarer og spørsmål kan meldes her.
Ansvarlig redaktør: Trine Pettersen Grønbech - Redaktør: Leiv Rygg.
Teknisk ansvarlig og design: Knut Olav Frøysnes, Nettkroken AS.
Bilder og grafikk: Copyright © Bygland kommune og Nettkroken AS.