Bygland kommune 4745 Bygland Telefon: 37 93 47 00 Telefaks: 37 93 47 01 Åpningstid: 09:00-15:30 E-post |
Mål for tenesta
Distribusjon av drikkevatn til abonnentar tilknytta kommunale vassverk i Bygland kommune.
Kven er omfatta av tenesta?
Tenesta omfattar alle abonnentar som er tilknytta kommunal vassforsyning.
Vi forplikter oss til:
- Å levere vatn av god kvalitet og rett mengde til Bygland kommune sine abonnentar.
- At kvaliteten på vatnet er etter gjeldande krav eller betre. Det vert regelmessig sendt prøver av vatnet til eit godkjend laboratorium.
- At vasstrykket skal vere på minst 2 bar.
- At stans i vassforsyninga som følgje av reparasjonar ikkje bør overstige 6 timar på dagtid eller maksimalt 12 timar.
- At tiltak som krev stans i vassforsyninga vert varsla på førehand.
- Å etablere alternativ vassforsyning ved mangel på vatn i over 6 timar på dagtid.
Kva vert ikkje omfatta av dette?
Naudsituasjonar (flaum. straumbrot, unormal frost eller andre uforutsette hendingar), samt feil på private stikkleidningar.
Kva venter vi av deg?
- Dersom vasstrykket enkelte stader er større enn 6 bar må abonnenten sjølv syte for å få installert ein reduksjonsventil.
- At du gjer kommunen melding ved vassmangel, undersøkjer eigen stikkleidning ved mistanke om lekkasje og melder ifrå om eigarskifte og flytting.
- Vi ber og om at du som kunde les av vassmålar og betalar reikningane ved forfall, samt at du har kjennskap til kvar utvendig stoppekran er plassert.
Lover og føresegner:
- Lov om helsetjenesten i kommunene.
- Lov om kommunale vass- og kloakkavgifter.
- Lov om kjøp.
- Forskrift om vannforsyning og drikkevann.
- Forskrift om kommunale vann- og avløpsgebyrer.
Kva kostar det?
Avgifter på vatn omfattar tilkoplingavgift (eingongsavgift), abonnement vatn og forbruk vatn (årleg forbruk vatn: anten målt forbruk eller stipulert forbruk). Avgiftene vart kvart år fastsett av kommunestyret. Du finn opplysningar om kor store avgiftene er på kommunen si heimeside, eller du kan kontakte tenestetorget i kommunen.
Ytterlegare informasjon
Meldingar, spørsmål eller klager sender du til Bygland kommune, 4745 Bygland - eller post@bygland.kommune eller du kan vitjke tenestetorget i kommunen eller ringe 37 93 47 00.
Melding om feil
Ved stopp eller feil på kommunal vassforsyning, ring 97 00 47 45
