Bygland kommune 4745 Bygland Telefon: 37 93 47 00 Telefaks: 37 93 47 01 Åpningstid: 09:00-15:30 E-post |
Serviceerklæring Plansaker
Bebyggelses – og reguleringsplansaker
- Ved handsaming av private reguleringsplanforslag vil det fram til 1.gongs handsaming vere den som leverar forslaget som styrar tidsbruken. Saka vil verte teken opp til handsaming så raskt som mogleg og seinast innan 12 veker etter at saka formelt er sendt kommunen. For å oppnå rask handsaming, så er det viktig at planforslaget er gjennomtenkt og korrekt utforma. Moment som kan auke handsamingstida er planens omfang, interessekonfliktar, faglege innsigelsar og strid med overordna planar og føringar.
- Normal sakshandsamingstid i denne type saker er 4 – 9 månadar.
- Avtal førehandskonferanse med kommunen dersom ein har tankar om framtidig planarbeid.
- Vedtak Plan og resursutvalssak nr 34/08 gjev at krav om at plandata i bebyggelses – og reguleringsplanar skal leverast på SOSI – format, og til ein kvar tid gjeldande nivå på same standard, jf pbl § 5 samt ”Forskrift om kart og stadfesta informasjon i plan – og byggesakshandsaming”.
Kva kan du forvente ?
- Informasjon, rettleiing og utlevering av aktuelle søknadsskjema. I stor grad skal slikt materiell kunne utleverast av Tenestetorget.
- Attendemelding i ei eller anna form innan 3 veker på alle spørsmål og i saker om vidare saksgang i formelt innkomne saker. Kommunen må take atterhald ved eventuell sjukdom, ferieavvikling og i periodar med ekstra mange saker.
- Når ei sak er ferdig førebud, skal me treffe en avgjersle så snart som mogleg. Skal saka avgjørast av et politisk organ vil handsaminga måtte tilpassast den vedtekne møteplanen for Plan – og resursutvalet eller det organ som skal take avgjerdsla.
- Opplysning om kva tid ein kan forvente å treffe sakshandsamar.
Kva venter vi at du gjer ?
- Avtale tid med sakshandsamar dersom møte er ynskjeleg.
- For at saker skal kunne handsamast og avgjerast så raskt som råd er, så må søknaden vere fullstendig med alle opplysningar som krevjast med evt. vedlegg som t.d. oversikts – og detaljkart.
- Rask respons frå søkjar ved skriftleg oppmoding om ytterlegare opplysningar ved ufullstendige søknadar. I slike tilfelle er det mykje opp til søkjar å overlevere eventuelt manglande opplysningar slik at saka kan handsamast raskt eller i høve til andre viktige fristar for saka.
Kva kostar det ?
Storleiken på sakshandsamingsgebyr og evt andre kostnadar knytt til den kommunale handsaminga finn du i kommunens gebyrregulativ på kommunens heimeside. Du kan også få greie på dette ved å kontakte Tenestetorget.
