Forsiden
HOVEDSIDE blank TELEFON OG EPOST blank POSTLISTER blank POLITISK blank SKJEMA blank

  Bygland kommune
  4745 Bygland
  Telefon: 37 93 47 00
  Telefaks: 37 93 47 01
  Åpningstid: 09:00-15:30
  E-post
Serviceerklæring for Skulefritidsordninga (SFO) i Bygland kommune

SFO er ein del av Bygland og Byglandsfjord Oppvekstsentra. Meir om SFO og oppvekstsentra finn du her på heimsidene til deira.

Kva gjer vi?

Skulefritidsordning er eit omsorgs og tilsynstilbod for barn i 1.-4.klasse, og for barn med særskilde behov på 1.-7.trinn etter enkeltvedtak. Ordninga er eit fritidstilbod utanom elevane si ordinære skuletid. Tilbodet blir organisert som ein frivillig del av grunnskuletilbodet.      

Kva kan du forvente?

Skulen sin føremålsparagraf skal leggjast til grunn for SFO-ordninga . Innhald og verksemd skal byggje på barna sin trong for leik, kulturaktivitetar og sosial læring. Den pedagogiske plattforma i SFO skal vere tufta på fridom til fri leik. Fri leik skal prege det daglege innhaldet i ordninga.

Tenesteleiar og foreldre fungerer som styringsgruppe. Oppgåvene til styringsgruppa er å fastsetje innhaldet i og evaluere SFO.


Søkje plass ved SFO
Søknadsskjema ligg ute på
heimesida. Ein kan også få det ved å kontakte skulen eller Tenestetorget.

Opningstider:
Måndag - fredag 07.30 - 16.30.
Innanfor denne ytre tidsramma fastset tenesteleiar opningstida ut frå ei behovsvurdering.

SFO er stengt de tre siste vekene i juli og fem dagar i løpet av skuleåret.
Utover dette skal skulefritidsordninga være tilgjengelig i alle feriane.

Betaling:
Kommunestyret fastset satsar for betaling kvart år. Satsane for skuleåret 2008/2009 finn du
her.

Kontaktpersonar:

Bygland oppvekstsenter: Kathrine Aggvin        Tlf 37 93 47 72 

E-post: kathrine.aggvin@bygland.kommune.no

Bfj. oppvekstsenter: Erlend Hunshamar            Tlf 37 93 40 10

E-post: ehunshamar@bygland.kommune.no


Sist endret: 27.03.2009 - Endret av: Valborg Attestog



Feil, mangler, kommentarer og spørsmål kan meldes her.
Ansvarlig redaktør: Trine Pettersen Grønbech - Redaktør: Leiv Rygg.
Teknisk ansvarlig og design: Knut Olav Frøysnes, Nettkroken AS.
Bilder og grafikk: Copyright © Bygland kommune og Nettkroken AS.