Forsiden
HOVEDSIDE blank TELEFON OG EPOST blank POSTLISTER blank POLITISK blank SKJEMA blank

  Bygland kommune
  4745 Bygland
  Telefon: 37 93 47 00
  Telefaks: 37 93 47 01
  Åpningstid: 09:00-15:30
  E-post
Serviceerklæring for barnehagane

Kva kan me tilby ?

Bygland kommune har 2 oppvekstsenter. Dei ligg på Bygland og på Byglandsfjord. Barnehagen på Bygland har 2 avdelingar, og barnehagen på Byglandsfjord har 2.

Kommunen gir eit pedagogisk tilrettelagt tilbod til barn i alderen 0-6 år.
Barn med spesielle behov kan få et spesialpedagogisk tilbod i barnehagen. Barnehagen har ope kl. 0730-1630.

Kva kan du forvente ?

Gode utviklings- og aktivitetsmoglegheiter for ditt barn.
Pedagogisk plattform basert på nasjonale standarar og kommunale mål.
Medverknad gjennom foreldreråd og samarbeidsutval.
Minimum eitt foreldremøte pr. år.
Tilbod om individuell samtale om ditt barn.
Det er mogleg å søkje om 3, 4 eller 5 dagar i veka. De søkjer på dei dagane de ynskjer.
Det er mogleg å kjøpe enkeltdagar dersom det er ledig kapasitet.

Søknadsskjema og lovverk
Søknadsskjema kan hentast på tenestetorget i kommunen og i barnehagane. De kan også hente det ut på www.bygopp.no.
Søknadsfrist/hovedopptak 01.03.


Plassar blir fordelte etter opptakskriteriar i dei kommunale vedtektektene.
”Lov om barnehager”  og ”Rammeplan for barnehagens innhald og oppgaver” er retningsgjevande for innhaldet i barnehagen.

 Sakshandsamingstid:
5 veker frå søknadsfristen går ut, til svar på søknaden blir sendt ut.
Avslag kan ankast innan 3 veker.

Kva bør du gjere ?
Utfylt skjema sendast til Bygland kommune, 4745 Bygland.

Kva kostar det ?
Forskrift om foreldrebetaling i barnehagar fastset maksimalgrense for foreldrebetaling. Maksprisen er for tida 2330,-. Betaling for kost kjem i tillegg. Det blir gitt 50 % søskenmoderasjon.

Praktiske opplysningar:
På nettsida til
Bygland barnehage og Byglandsfjord barnehage ligg årsplan og mange praktiske opplysningar.

" " " "

Telefonnr.:
Bygland kommune :                 37934700.

Byglandsfjord barnehage:         37934368.

Bygland barnehage:                  37934763.

e-post:
Byglandsfjord oppvekstsenter: ehunshamar@bygland.kommune.no    

Bygland oppvekstsenter:            kathrine.aggvin@bygland.kommune.no  


Sist endret: 27.03.2009 - Endret av: Valborg Attestog



Feil, mangler, kommentarer og spørsmål kan meldes her.
Ansvarlig redaktør: Trine Pettersen Grønbech - Redaktør: Leiv Rygg.
Teknisk ansvarlig og design: Knut Olav Frøysnes, Nettkroken AS.
Bilder og grafikk: Copyright © Bygland kommune og Nettkroken AS.