Bygland kommune 4745 Bygland Telefon: 37 93 47 00 Telefaks: 37 93 47 01 Åpningstid: 09:00-15:30 E-post |
Du finn grunnskulen i Bygland på Bygland og Byglandsfjord oppvekstsentra. Meir om skuledrifta finn du her på heimesida.
Innhald i tenesta:
Grunnskulen i Bygland ynskjer å gi barn og unge dei beste vilkåra for tryggleik, trivsel, samhandling og læring, Dette ved at dei møter læringssituasjonar og utfordringar som er tilpassa individuelle føresetnadar og utviklingsbehov. Varierte metodar og fleksibel organisering i opplæring er med på å auke læringsutbytte. Barna vil få forsvarleg tilsyn slik at dei opplever tryggleik og trivsel i lag med andre gjennom heile skuledagen.
Lovgrunnlag:
Grunnskulens tenester og tilbod er forankra i Opplæringslova, i forskrift til opplæringslova og i gjeldande læreplan for grunnskulen. I tillegg kjem kommunale planar.
Tenesta, til kven?
Barn og unge som bur i Bygland kommune og er i skulepliktig alder får tenesta. I tillegg har vi ein gjesteelev-avtale med Evje og Hornnes med utgangspunkt i elevar frå Senum. Offentleg grunnskule er gratis for elevar og foreldre.
Førespurnader og svar:
Skulen svarar på førespurnader frå føresette så raskt som råd.
Brev og skriv til skulen går gjennom tenesteleiar. Ein kan vente skriftleg tilbakemelding innan 3 veker om saka krev svar. Må saka handsamast politisk, gjeld reglane i forvaltningslova.
Foreldresamarbeid og medverknad:
Føresette vil få tilbod om minst to samtaler om barnets faglege og sosiale utvikling. På desse møta kan barnet også delta.
Det vil bli innkalla til eit foreldremøte for heile skulen og minst eitt for den klassen som barnet går i kvart skuleåret.
Før barnet skal starte i 1. klasse, blir det haldt eigne møter for føresette.
Skulane i Bygland ynskjer å gi brukarane medansvar og medbestemming. Ein har ulike råd og organ for dette. Gjennom klasse- og elevrådsarbeid vil elevane ha moglegheit til å påverke skulesituasjonen sin.
Føresette har moglegheit til å påverke verksemda gjennom klasseforeldreråd, foreldrerådets arbeidsutval (FAU) og samarbeidsutvalet (SU), felles for barnehage og skule.
Du kan ta kontakt direkte med kontaktlærar, inspektør eller tenesteleiar når du vil gi ei melding eller på annan måte ha kontakt med skulen.
Dette ventar skulen av deg som føresett:
- Leggjer til rette for barnets læring og utvikling.
- Syner barnet positiv interesse for skule og skulearbeid.
- Seier i frå om barnets ynskjer og behov.
- Seier i frå dersom det er noko du eller barnet ikkje er nøgd med.
- Er aktiv i høve til klassen.
- Engasjerar deg i ulike råd og utval dersom du blir vald til det.
Registrering:
Registrering av skulebyrjarar skjer i februar – mars, det året ein skal starte på skulen. Når eit barn har byrja på skulen i ein annan kommune og flyttar hit, skal det meldast frå om dette til den skulen barnet skal forlate.
Skuleskyss:
Skuleskyss får dei elevane som:
Går 1. årstrinn og bur meir enn 2 km. frå skulen.
Går 2. – 10. årstrinn og bur meir enn 4 km. frå skulen.
Elevar kan også få skuleskyss gjennom bruk av eit eige søknadsskjema dersom:
Dei har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg.
Dei er sjuke eller skadde, og på den måten har særleg behov for skyss til skulen.
Skuleruta:
Skuleruta syner ein oversikt over skuledagar, feriar og fridagar. Skoleruta vert sendt alle heimane ved skulestart om hausten. Skuleruta finn du her.
Telefonnr.:
Bygland kommune : 37934700.
Byglandsfjord oppvekstsenter,skule: 37934010
Bygland oppvekstsenter,skule: 37934770
e-post:
Byglandsfjord oppvekstsenter: ehunshamar@bygland.kommune.no
Bygland oppvekstsenter: kathrine.aggvin@bygland.kommune.no
